Herold

«Asle var ein mann med ei framifrå evne til å gjera dei rundt seg gode»

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sigbjørn Dugstad, på vegner av skivener Published: 2025-12-23 08:46:38
«Asle var ein mann med ei framifrå evne til å gjera dei rundt seg gode»

Det var med sorg me mottok meldinga om at Asle Bergstrøm var gått bort. I gravferda og under minnestunda etterpå fekk ein dokumentert frå familie, vener, naboar og hyttenaboar kva fantastisk person Asle var, både som familiehøvding og som spydspiss i frivillig samfunnsnyttig arbeid på mange område.

Desse minneorda er frå oss skivener. Asle vaks opp med ski på beina på Myrdal. Han vart rapportert i Bavallen fyrste gong som 10-åring. Han vart ein god alpinist og saman med andre lokale skiløparar sette dei Voss på alpinkartet i Norge.

Men det var som idrettsleiar og arrangør han verkeleg sette spor etter seg. På 60-talet sette Asle og andre framsynte karar i gang arbeidet med å oppgradera Bavallen som alpinarena.

Det fyrste store prosjektet var ny storslalåmløype. Etter mange dugnadstimar vart bakken opna til senior-NM i 1965. Deretter fylgde Holmenkollen Kandahar i 1969. Gjennomføringa var så god at ein fekk World-cup-finalen i 1970 med både slalåm og storslalåm. Då var Asle assisterande rennleiar, noko som var ein god skule. Under WC i 1974, 1977 og 1981 var Asle rennleiar.

Han slutta sin karriere som rennleiar for internasjonale renn med junior-VM i 1995. Innimellom desse internasjonale renna var det fleire senior-NM, junior-NM, Coca Colafinalar og Donald Duckrenn. Alle med Asle som rennleiar. Samstundes var han Norges skiforbund (NSF) sin representant på små og store renn - både i inn- og utland - som dommar og teknisk deligert.

Asle var leiar i Voss idrettslag i mange år og er æresmedlem i laget. Han var leiar i Hordaland skikrets frå 1982 – 1985 og fekk kretsen sin hederspris i 2013. Han var medlem og leiar for det Internasjonale Skiforbund (FIS) si gruppe for bakkegodkjenning.

På nasjonalt nivå var han nestleiar i Alpinkomiteen og var visepresident i Skistyret på slutten av 1980- talet. Og då det var stor uro i NSF på slutten av 1990-talet sat Asle frå Voss - med tillit i alle leirar – som leiar av valnemda.

Asle runda av sin aktive karriere – då som pensjonist – som leiar av Voss idrottsråd. Asle brann for at barn og unge skulle få driva med leik og idrett. Evna hans til å skaffa anleggsmidlar – som det alltid er behov for – er legendarisk.

I tillegg til å vera ein god ven var Asle ein mann med ei framifrå evne til å gjera dei rundt seg gode. Det gløymer me aldri.

Med dette lyser me fred over Asle sitt gode minne og seier TAKK FOR LAGET.

🏷️ Extracted Entities (13)

Asle Bergstrøm (person) Voss (entity) Bavallen (entity) NSF (entity) Norge (entity) Alpinkomiteen (entity) Coca Colafinalar (person) Donald Duckrenn (person) Holmenkollen Kandahar (person) Internasjonale Skiforbund FIS (organization) Myrdal (place) Skistyret (entity) World-cup-finalen (entity)