Politikarane har teke hørselssaka på alvor
Plus
Politikarane i Dovre skal ha stor takk for å ha teke hørselssaka på alvor og løyvde pengar til å prøve ut ei styrking av hjelpa til personar med hørselsutfordringar. Tiltaket blir kalla hørselskoordinator like eins som me har koordinatorar innan demens og kreft. For Hørselsforbundet Lesja og Dovre er dette ei svært viktig sak som vi har lagt ned betydeleg arbeid for å fremje. At den no er sett på budsjettet for 2026 i Dovre, gjer kommunen til ikkje mindre enn ein pioner på landsbasis. På siste landsmøte i Hørselsforbundet i juni 2025 blei nemleg styrking av den lokale hørselsomsorgen utpeika som ein hovudoppgåve. Og eit raskare svar enn det Dovre har gjeve, kjenner vi så langt ikkje til.
Kva kan det så bety å få ein koordinator når det gjeld hørselshjelp i Dovre? Mange slit med å venne seg til høyreapparat og ymse tilleggsutstyr og mange gjev opp og legg det bort. Ein koordinator vil vera eit viktig mellomledd mellom fastlege, audiograf og brukar og gje rask hjelp og oppfølging i tilvenningsfasen. Tilvenninga kan gå fint, men utstyret treng vedlikehald. Det skal skaffast filtre, domer og slangar og dette skal skiftes. Fleirtalet av brukarane er eldre og mange må ha hjelp både til å bestille og skifte desse bitte små delane. Skal ein greie dette sjølv, må ein ha både godt syn og god førlegheit i hender og fingre.
Høyreapparater er små elektroniske hjelpemiddel som blir fjernstyrt via blåtann og/eller ein app på smarttelefonen. I tillegg til godt syn og god førlegheit, treng ein å ha og kunne bruke pc og smarttelefon for å ha nytte og full glede av slike hjelpemiddel. Mange har behov for hjelp og rettleiing.
I Hørselsforbundet Lesja og Dovre er vi 5 likepersonar som har fått opplæring og er sertifisert til å hjelpe andre med dei same problem som vi sjølv har. Dette gjer vi på frivillig basis utan løn. Og dessverre kjem vi ofte til kort fordi vi ikkje har fagleg utdanning på dette feltet. Vanskeleg er det også for oss å følgje godt nok med på ei utvikling som skjer rasande fort. Ny teknologi og nye hjelpemiddel blir utvikla og ulike fabrikat har sine eigne løysingar. Ein lokal fagperson vil også vi likepersonane ha stor nytte av og dermed kunne gje betre bistand.
Meir kunne vore sagt om betydninga av dette viktige vedtaket i Dovre, men det vil koma til syne etter kvart som forsøksordninga trer i kraft. Men eitt er sikkert, Hørselsforbundet helsar dette velkomen med glede og forventning.