«Nå er det jul igjen»
Plus
*Dette er tittelen *på eit kjent dikt av Arild Nyquist (1937–2004) frå 1972 som for mange oppsummerer kva jula er: ein evig repetisjon – og såleis ein alternativ juletekst for mange. Dagbladet, ved Steffen Kverneland, illustrerte diktet 20. desember 1998, om nokon vil kose seg med den heilsides parodien.
Men når er det ei fredeleg jul igjen? Jul for barna i Ukraina, i Gaza, i Sudan, i..?
Sjølvsagt skal vi markere juletida, anten vi er frelste eller ikkje. Jul er ein førkristen tradisjon, det veit vi, men den blir pakka inn og ut og markert på utallige måtar både her til lands og elles i verda. Mange held seg til barnet som vart fødd i Betlehem – eller var det Nasaret – som vi ikkje veit kven som har skrive dei ulike tekstane om, sjølvsagt lenge etter at Jesus vart fødd. Det veit nok alle.
Ritual er komne for å bli, sjølv om trua på dei kan få mang ein til å tvile når det blir gått rundt eit grønt, pynta tre i den lune stova. Kanskje smakar maten faktisk betre etter ei julegudsteneste der barn syng og teksten blir lesen nok ein gong, for lek og lærd. Då er det jul igjen.
Men når er det ei fredeleg jul igjen? Jul for barna i Ukraina, i Gaza, i Sudan, i..?
Nordmenn er heller ikkje så religiøse lenger, men rundt juletider stig nok «barnetrua» meir fram hos mange. Bibellesing ser ut til å vere avlegs, sjølv om den boka er vel verd å lese og bla i – kanskje verdas mest spesielle og særeigne bok. Det er ikkje fullt samsvar mellom dei fire apostlane sine tekstar om Jesus, og det finst utallige ulike utgåver av desse tekstane. Det veit nok alle. Men «nå er det jul igjen!» – «og grauten koker».
Men når er det ei fredeleg jul igjen? Jul for barna i Ukraina, i Gaza, i Sudan, i..?
«Ja, nå er det jul igjen». Og glade er vi for at familien kan samlast og sjå i fellesskap på året som har gått og inn i det som skal kome. Det er jul, det! Så kan dei som les juleevangelieteksten på nytt, tru på den – og vi andre på fellesskapet og på humanismen og opplysningstida sine gradvise, men store sigrar over religionens utøvarar si makt over syndige sjeler, homofile og kvinner og og og – ja, det er mangt å gle seg over. Ja, til og med at kristne har ei fin julefeiring der det jomfrufødde Jesusbarnet sjølvsagt er midtpunktet.
I botn og grunn har det store fleirtalet av nordmenn dei same verdiane – humanismen sine – fordi Stortinget har vedteke at FN sine menneskerettar og Barnekonvensjonen skal vere, og er, Noreg sin verdigrunnmur, ikkje religiøse dogme slik KrF no vil ha meir av inn i offentleg skule og barnehage. Tru høyrer til den private sfæren. Tenk òg at KrF-leiaren i Debatten 27.11. er så frekk at han kallar alle andre livssyn for «verdinøytrale», med andre ord at det berre er det kristne livssynet som har verdiar.
*Men vi gler *oss alle over «Nå er det jul igjen!» – i alle fall så godt vi greier i ei verd med krig og klimakrise – noko inga bøn kan redde oss frå, berre handlingar vi med to bein sjølve blir samde om å setje i verk. Vi som er komne av jord, og skal forbli til jord og stjernestøv i det universet vi kjem frå, og på nytt skal bli ein del av.
Men når er det ei fredeleg jul igjen? Jul for barna i Ukraina, i Gaza, i Sudan, i..?
God julegraut i alle fall! Og god jul når den tida er inne!