Sellevold gir seg – Steve ny Kvernbit-trenar
Plus
Bent-Inge Sellevold må prioritera jobb og blir ikkje Kvernbit-trenar neste sesong. Steve Elde har overtatt som hovudtrenar for 5. divisjonsklubben.
Bent-Inge Sellevold kom inn som hovudtrenar i eit trenarteam før haustsesongen.
– Vi tok på oss eit prosjekt med å prøva halda Kvernbit i 4. divisjon. Det vart dessverre berre nesten, seier Sellevold.
Til NH seier Sellevold at det er fantastisk moro å vera ein del av eit trenarteam og eit fotballag.
– Skulle gjerne hatt meir tid, men no er det jobben som må prioriterast, seier han.
Mange unge talent
Steve Elde gler seg over mange unge talent i A-lagsstallen. Samtidig er det enkelte av spelarane på førstelaget som skal i militæret. Det gjeld Oliver Sudmann, Noah Samuelsen og Michael Oliver Slettebakken.
Kvernbit sin sisteskanse, Gard Brakstad Tolleshaug ønsker å prøva seg på eit høgare nivå. Og både NBK og Lyngbø ønskjer Ruben Osa Sellevold i sine rekkjer.
Dessutan har klubben sin spiss, Joachim Hopsdal bestemt seg for å legga opp.
– Totalen av at desse spelarane er borte vil jo merkast, men vi har mange unge folk som har tatt eit godt steg i haust. Det blir jobba godt med rekrutteringa i klubben, seier Elde.
Den nye hovudtrenaren er den einaste i trenarteamet som er med vidare frå haustsesongen. I tillegg til Sellevoll har også Geir Atle Osa og Inge Instebø takka for seg i teamet.
Elde får med seg Frank Ove Jakobsen og Eirik Sagstad i det nye trenarteamet.
Steve Elde kom til Frekhaug i 2011, og har vore med i Kvernbit i 12-13 år. Han har mellom anna hatt eit godt trenarsamarbeid med Frank Ove Jakobsen i aldersbestemt fotball.
Vil opp på første forsøk
Spelargruppa er innstilt på å kjempa om opprykk til 4. divisjon på første forsøk etter nedrykket.
– Vi har ein tropp som er god nok til at vi kan blanda oss inn i teten, seier Elde.
– Det var skikkeleg surt med nedrykk, vi var jo veldig nære på å klara oss. Vi leverte ein poengmessig god haustsesong, og viste at vi har noko i fjerde å gjera. No satsar vi på å få ein god treningsvinter. Eg trur det kan bli ein fin sesong, seier mannen som rundar 50 tidleg i det nye året.