Julehelsing frå ordføraren
Plus
Gode kvinnheringar:
Me legg no bak oss året 2025 og ønskjer 2026 velkomen. Det skjer mykje i Kvinnherad – både i samfunnsutviklinga vår, i dei kommunale tenestene og i næringslivet. Sunnhordland kraftlag er i gang med ei av dei største kraftutbyggingane i landet i åra som kjem, og Kvinnherad er ein viktig bidragsytar til kraftnasjonen Noreg. Hydro Husnes utviklar verket vidare og er framleis ei av våre viktigaste hjørnesteinsbedrifter – med produksjon av noko av det grønaste aluminiumet i verda.
Det skjer òg mykje positivt i resten av næringslivet. Store og mellomstore verksemder satsar i Kvinnherad med sterk framtidstru. Det private næringslivet er variert og utgjer ryggraden i kommunen vår – slik det har gjort gjennom generasjonar.
Den kommunale tenesteytinga er i stadig utvikling, og kommunestyret har i år fatta ei rekke vedtak som vil påverka kvardagen til innbyggjarane. Mi klare oppleving er at kommunestyret har eit ekte og sterkt ønskje om å utvikla Kvinnherad til ein av dei beste plassane i verda å bu og leva.
- januar blir ein merkedag for Husnes-samfunnet. Då opnar den nye skulen som skal samla elevar frå heile skulekrinsen. Det er ein flott skule, og både elevar og tilsette gler seg stort til å ta den i bruk. I 2026 tek me òg det første spadetaket på det nye helsehuset. Det vil gi heile kommunen gode og føreseielege lokale for mellom anna den viktige legevakttenesta vår.
I året som kjem, skal kommunestyret handsama fleire store og viktige saker: Brannstasjonsstruktur, ferdigstilling av ny kommuneplan, framtidas helsetenester – og mykje meir. Me folkevalde har eit omfattande arbeid framfor oss, og eg gler meg til å ta fatt på det.
Ei av dei største gledene i 2025 er at me no ser ein svært positiv trend: Fleire flyttar til Kvinnherad frå andre delar av landet, og folketalet aukar. Me får mange fleire eldre dei komande åra, og difor er det avgjerande at Kvinnherad framstår som ein attraktiv kommune – både for dei som bur her og dei som vurderer å flytta hit. Me må leggja godt til rette slik at både kommunale tenester og private verksemder får tilgang til den arbeidskrafta dei treng.
Heile Kvinnherad må vera ambassadørar for at kommunen vår er ein god og trygg plass å bu, leva, bli gammal – og veksa opp. Slagordet eg og kommunedirektøren lærte på 50-årsjubileet til Hatlestrand skule – «Uansett kven du er, høyrer du til her» – bør vera mottoet me møter både nye og gamle innbyggjarar med.
Tusen takk til alle kvinnheringar som bur, bidreg og trivst i kommunen vår. Takk til alle som jobbar, deltek i lokalsamfunnet, engasjerer seg i lag og organisasjonar, rekker ut ei hand til naboen – eller stiller på basar, fotballkamp eller konsert.
Det er me som innbyggjarar som skapar lokalsamfunnet vårt, og me kan alle klappa oss sjølve på skuldra og seia at me gjer ein særs god jobb.
God jul og eit velsigna nytt år til dykk alle!