Sjokkert over Redningsselskapet si høgste utmerking: – Eg føler meg ikkje som ein helt
Plus
Eit varsamt øyre plukka opp paniske lydar frå eit liv som hang i ein tynn tråd i det iskalde havet. Det er ein månad sidan Margunn Eikås Endestad redda eit menneske frå ein sikker død. Måndag vart ho overraska av Redningsselskapet på jobb. Dei hadde med seg sin mest prestisjefylte utmerking: «Heltedåd-diplomet».
Det var stramme slipsknutar og plettfri uniform frå dei to representantane frå Redningsselskapet som sneik seg inn i barnehagen i Eikefjord måndag. Oppdraget var å overraske Margunn Eikås Endestad på jobb.
Bjørn Korneliussen og Jan Edvin Aspenes frå Redningsselskapet jobbar førebyggande. Måndag skulle dei dele ut den mest prestisjefylte utmerkinga selskapet har: «Heltedåd-diplomet». Diplomet blir gitt til enkeltpersonar som har vist ekstraordinært mot og rask handling for å redde andre frå drukning, nedkjøling eller fare.
– Å heidre dei som reddar liv er viktig. Å få merksemd kring farane ved å ferdast ved vatn utan redningsvest er noko av det viktigaste vi kan gjere. Så er det ekstra kjekt å kunne heidre dei som med si innsats er blitt skilnaden mellom liv og død, seier Korneliussen og Aspenes.
Dette skjedde
Torsdag 20. november 2025, berre ein månad sidan, redda Margunn Eikås Endestad ei kvinne frå å drukne i båthamna i Eikefjord. Det var rett etter at arbeidsdagen var over at ho gjekk innover mot Eikefjord sentrum.
– Eg likar å gå nede på sjøen på graset framfor å gå på gangvegen og asfalten, seier ho.
I motsetnad til mange som stenger verda ute med proppar i øyra, likar Margunn å lytte til naturen. Ho nyt stilla og får med seg det som skjer rundt seg. Denne merksemda redda truleg eit liv. Hadde ho ikkje stussa over lydane frå båthamna, kunne bygda ha opplevd eit dødsfall den 20. november.
For først trudde ho det var leik ifrå ungar, eller kanskje nokre fuglar, men då ho gjekk nærare og spissa øyra kom ho fram til at dette måtte vere roping og noko som kunne minne om panisk skriking og plasking.
Klamra seg fast
Då ho kom ned til båthamna fekk ho auga på ei utmatta kvinne som klamra seg til ein landgang i den iskalde sjøen.
Margunn sprang til for å hjelpe. Ho prøvde først å dra kvinna opp sjølv, men forstod raskt at ho trengde meir hjelp. Klokka var 15:42 då ho ringde AMK (113) medan ho heldt kvinna fast i jakka.
Kvinna var i ferd med å gi opp og hadde ikkje kjensler i fingrane, men Margunn nekta å sleppe taket.
I dag veit Margunn at det berre tok fem minutt før den første brannmannen var på staden. Men der og då verka det som ein time. Då brannmannen kom, fekk dei løfta kvinna opp av vatnet. Ho hadde sklidd på den snødekte landgangen og hamna i sjøen.
Vart rørt
Det er ei litt forvirra Margunn som møter to rakrygga representantar frå Redningsselskapet. Kva er det desse gjer her inne i barnehagen, var det første ho tenkte.
Dei hadde med innramma diplom i glas og ramme og som bevis på den heltedåden ho har stått for.
– No vart eg litt rørt, seier Margunn.
For i ettertid har ho tenkt litt over kva ho var med på. Og ei slik hending er det uråd å ikkje bli prega av. For tanken på korleis det kunne gått om ho berre hadde kome nokre få minutt seinare, er slikt som sit i.
Ho understreka at ho berre gjorde det ho følte ho måtte, og at reaksjonen var automatisk. Margunn har seinare fått blomar, sjokolade og eit takkekort frå kvinna som takk for den heltemodige innsatsen. På kortet frå kvinne stod det «Du redda livet mitt».
På spørsmål om ho kjenner seg som ein helt, svarar ho like automatisk som ho gjorde 20 november:
– Nei. Ikkje i det heile tatt. Eg gjorde jo berre det eg kunne, seier ho.
Men at to staute herremenn ifrå Redningsselskapet kjem med heltedåds-diplom og verdset at ho er ei handlingas kvinne, det er vanskeleg å ikkje bli stolt av. For Margunn er ein helt. Om ho liker det eller ikkje.
Torsdag redda Margunn eit liv
🔗 Published by 2 sources - Compare:
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: