Herold

Samla inn rekordsum til nyføddintensiven: – Eg blir rørt av å snakka om det

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-23 01:00:00
Samla inn rekordsum til nyføddintensiven: – Eg blir rørt av å snakka om det

Ekteparet Røssland reiste til Haugesund sjukehus måndag ettermiddag. Med seg hadde dei ei stor gåve til nyføddintensiven.

Laurdag fylte Sandra og Georg Røssland tunet sitt med både folk og fe under marknaden «Jul i Toragarden». Måndag ettermiddag var dei på veg til nyføddintensiven ved Haugesund sjukehus for å overrekkja pengane dei hadde samla inn frå julemarknaden.

I år vart summen 61.600 kroner.

– Det er soleklar ny rekord, som er veldig gøy. No skal vi ned og gleda mange små med strikk til premature, julekorger og pengar som går til trivselstiltak for tilsette og innleigde no i jula, seier Georg.

Bente vart rørt av raus gåve: – Heilt fantastisk

Klump i halsen

Han og Sandra har sjølv vore innlagde på nyføddintensiven i Haugesund etter fødsel, og veit derfor kor tøft det kan vera.

– Desse pengane går til ting som Helse Fonna ikkje brukar pengar på. Som elektronikk, nye senger, kjøleskap og diverse. Ting som gjer at dei som er innlagde har det best mogleg i ei vanskeleg tid. Og det er difor vi lagar til dette her, for å kunna bidra til at dei får det litt betre, seier Georg og held fram:

– Eg kjenner at eg blir rørt og får klump i halsen berre av å snakka om det.

*Bilde frå årets utgåve av julemarknaden på Sunde kan du sjå her. *

Sjølv om støvet så vidt har lagd seg etter arrangementet, er Georg klar på at det blir jul i tunet også neste år.

– Det blir det. Årets marknad var utruleg gøy. Vi fekk steikje bra vêr og det var veldig godt oppmøte. Det er første gong vi har hatt vêret med oss, som gav meirsmak. Så håpar vi at vêrgudane vil vera på vårt lag også neste år, seier han.

Han ønskjer også å takka alle som tok turen, kjøpte loddbok eller som støtta på anna vis.

– Vi er uendeleg takksame, seier han.

Skal avhøyra fleire etter masseslagsmålet: – Det er ikkje den beste måten å starta jula på

🏷️ Extracted Entities (7)

Georg Røssland (person) Haugesund (place) Sandra (entity) Ekteparet Røssland (person) Helse Fonna (person) Jul i Toragarden (entity) Sunde (entity)