Herold

Nye russiske angrep mot Kharkiv – leitar etter overlevande i ruinar

Kilde: NRK Author: Aud Darrud Published: 2025-11-24 00:16:39 Last updated: 2025-11-24 08:01:08
Nye russiske angrep mot Kharkiv – leitar etter overlevande i ruinar

Fleire personar er drepne og såra etter russiske angrep mot Kharkiv søndag kveld. Nødetatar søkjer gjennom hus for å finne overlevande i ruinane.

Søkjer etter menneske i ruinar

Ukrainske dronar skotne ned

Samstundes som intense forhandlingar om Ukrainas framtid går føre seg i Genève med representantar frå USA, Ukraina og fleire europeiske land, held Russland fram med å angripe Ukraina.

Minst fire personar er drepne i nye russiske angrep i Ukrainas nest største by Kharkiv søndag kveld.

Dei drepne er tre kvinner på 61, 69 og 41 år og ein mann på 55 år.

– 17 personar er såra, to personar er innlagde på sjukehus. Fleire får medisinsk hjelp på staden, opplyser ordføraren Ihor Terekhov på meldingstenesta Telegram.

Det er barn blant dei såra.

Ifølgje førebelse opplysningar har Russland gjennomført 16 angrep i Kharkiv-regionen søndag kveld.

Det skal ha vorte brukt dronar av typen «Geran-2», som blant anna har treft private bustader og andre bygg.

Ein einsleg bamse ligg slungen blant ruinar etter droneangrepet i Kharkiv

Leiar for militæradministrasjonen i Kharkiv-regionen, Oleh Synjehubov, beskriv angrepet som «massivt».

Alle nødetatar jobbar på stadene der angrepa fann stad. – Det blir gjennomført hus-til-hus-søk, ettersom øydeleggingane er store. Det viktigaste nå er å forsikre oss om at det ikkje ligg menneske i ruinane, skriv Terekov.

Seint søndag kveld melder guvernøren i byen Zaporizjzja at det også er trussel om russiske angrepsdronar i regionen.

Store øydeleggingar i Kharkiv etter nye russiske droneangrep

Russland har natt til måndag skote ned 93 ukrainske dronar, seier det russiske forsvarsdepartementet ifølge NTB.

Desse vart skotne ned over fire ulike regionar.

Fleire av dronane vart skotne ned i Belgorod, som ligg like ved grensa til Ukraina.

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix».

🏷️ Extracted Entities (17)

Belgorod (entity) Genève (entity) Ihor Terekhov (person) Kharkiv (entity) Kharkiv Leiar (person) Kharkiv-regionen (entity) Kharkiv-regionen, Oleh Synjehubov (organization) Russland (place) Samstundes (entity) Søkjer (entity) Telegram (entity) Terekov (entity) USA, Ukraina (organization) Ukraina (entity) Ukrainas (entity) Ukrainske (entity) Zaporizjzja (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, Ukraina, Russland
OpenGraph Title: Fleire drepne i russisk angrep mot Kharkiv søndag kveld
Twitter Title: Fleire drepne i russisk angrep mot Kharkiv søndag kveld