Dette er dei nye lovene i 2026
Det komande året byr på nye lovar og reglar. Det blir mellom anna 16-årsgrense på energidrikk og utsett pensjonsalder.
Frå og med neste år må du tenke på kvar du tek deg ein sigg, og passe på å ha med leg om du vil handle energidrikk på butikken.
Måndag la regjeringa fram den fulle og heile lista over dei nye lovene som trer i kraft etter nyttår.
Frå 1. januar 2026 blir nemleg nye lover sett i verk, og gamle lover oppdatert.
*Fleire av dei kan gjelde deg. *
Her er eit lite utdrag av korleis livet kan endre seg neste år.
🚭 Folkehelse
🥤16-årsgrense på energidrikk
Frå 1. januar blir det forbode å selje energidrikk til barn og unge under 16 år.
Det kan difor vere lurt å legge deg for vane å ha gyldig legitimasjon i lomma når du skal på butikken. Frå neste år kan butikkane be deg om identifikasjon om dei er usikker på kor gamal du er.
Regjeringa har lenge varsla ei innskjerping fordi dei meiner inntaket av koffein kan ha fleire negative konsekvensar.
No blir det forbode å selje energidrikk til barn og unge under 16 år.
🚬🚭Endringar i røykelova
Det kjem ei rekke endringar i røykelova.
Det blir no ulovleg å røyke i bilen om du har barn under 18 år med deg. Det blir også ulovleg å røyke på leikeplassar og på idrettsområde utandørs.
Forbodet skal verne unge mot passiv røyking, og gjeld også e-sigarettar.
I tillegg blir det slutt på netthandel av snus frå utlandet.
Snart er det ikkje lenger lov å røyke på leikeplassar og idrettsområde.
For å hindre sal av tobakksvarer til mindreårige og få meir kontroll over kva som blir innført frå utlandet føreslo regjeringa å forby nettsal av tobakksvarer og e-sigarettar.
Dermed kan ikkje privatpersonar lenger bestille røyk, snus, e-sigarettar og andre tobakksprodukt frå utlandet.
💼 Arbeidslivet
👷Du kan stå i arbeid til du blir 72 år
Den generelle aldersgrensa i arbeidslivet blir heva frå 70 til 72 år.
Dermed kan fleire stå i arbeid lengre.
I praksis treng tilsette ikkje lenger be arbeidsgivarar om lov til å halde fram i arbeid når dei fyller 70 år.
Dette gjeld tilsette i stat, kommune og privat næringsliv, men har unntak for stillingar med særaldersgrense.
🚦Trafikk på land og sjø
🚍Ingen sidevende seter i russebussen
Denne lovendringa har skapt stor frustrasjon for komande russekull.
Sidevende seter og ståplassar blir ikkje lenger lovlege å bruke under busskøyring.
Frå og med 2026 blir det ulovleg å bruke sidevende seter når bussar køyrar.
Dette blir gjort for å sikre trygg trafikksikkerheit, særleg for russ på buss.
Denne lovendringa har skapt stor frustrasjon blant russen fordi mange må bruke pengar på å bygge om bussar dei allereie har kjøpt.
🌊Høgere bøter til sjøs
Bøtesatsane for fritidsbåtar på sjøen har ikkje auka sidan 2001. Det skjer i 2026.
Neste år blir det mellom anna dyrare å bryte fartsgrensa. Før var bota for å køyre for fort i båt 1500 kroner. Frå og med 2026 aukar den til 5000 kroner.
I tillegg kan det bli dyrt om du ikkje har riktig båtførarbevis. Køyrer du ein båt som krev høghastigheitsbevis kan du måtte punge ut med 7500 kroner om du ikkje har riktig sertifikat.
Bota kan også råke deg om du lar nokon andre køyre båten din utan riktige kvalifikasjonar.
Andre lovendringar som kan vere lurt å få med seg:
🛃 Pass og ID-kort
Neste år vil prisen på pass og ID-kort auke. For vaksne vil det koste 840 kroner, som er ei auke på 40 kroner. For barn vil det koste 510 kroner, som er ei auke på 30 kroner. Nødpass for både barn og vaksne vil koste 1320 kroner, 70 kroner meir enn i fjor.
💰Personfrådraget aukar
Personfrådrag er eit grunnleggande botnfrådrag i skattesystemet som alle personlege skatteytarar i Noreg får automatisk. Det betyr i praksis at ein viss del av inntekta di er heilt skattefri. Frå 2026 aukar det til 114 540 kroner, frå 108 550 kroner i 2025.
🧑🧒🧒Foreldrefrådraget senka
Foreldrefrådraget blir redusert frå 25 000 kroner til 15 000 kroner for eitt barn, og frå 15 000 kroner til 10 000 kroner for kvart barn utover det første. Beløpsgrensa på 25 000 kroner for eitt barn og 15 000 kroner for kvart ytterlegare barn blir vidareført for foreldre med heimebuande barn over 11 år med særskilt behov for omsorg og pleie.
🧑🏽💼Arbeidsmiljøet
Tidlegare har det vore strenge krav til det fysiske arbeidsmiljøet, men no skal også det psykososiale arbeidsmiljøet få eit større fokus. Ifølge Statens arbeidsmiljøinstitutt har arbeidsrelaterte psykiske plagar auka, spesielt blant unge. Arbeidsgivarar vil no få strengare krav for å legge til rette for eit forsvarleg arbeidsmiljø. Målet er å gi verksemdene betre rettleiing og understreke at det psykososiale arbeidsmiljøet er like viktig som det fysiske.
⛰️*Finnmarksfrådraget*
Finnmarksfrådraget blir auka frå 30 000 til 45 000 kroner. Endringa vil gjelde frå og med inntektsåret 2026. Ordninga er eit skattefrådrag du får om du bur og jobbar i Finnmark eller utvalde kommunar i Nord-Troms. Målet er å gjere det meir attraktivt å bu i denne delen av landet.