Herold

Nordmann sakna i Polen – Kripos kopla på saka

Kilde: NRK Author: Martin Værum Anda Published: 2025-11-24 10:26:58 Last updated: 2025-11-24 10:31:01
Nordmann sakna i Polen – Kripos kopla på saka

Mannen i 20-åra var sist sett på ein utestad i Warszawa.

Samarbeid med Kripos og polsk politi

Har du tips?

Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord er sakna i Polen.

Det bekreftar lokalt politi overfor NRK.

– Me mottok ei saknamelding laurdag kveld, og fekk opplyst at vedkommande hadde vore sakna sidan laurdag morgon, seier politioverbetjent Oda Elvegård Thorstad ved Sunnfjord politistasjon.

Mannen var i Polen på ein venetur saman med to andre.

Han var sist sett på ein utestad i Warszawa, der han var saman med dei to venene sine.

Både Kripos og polsk politi er kopla på i etterforskinga.

– Me jobbar med å hente inn fleire detaljar om kva slags undersøkingar politiet i Polen har gjort så langt, seier ho.

Ho seier det ikkje er aktuelt å sende politi frå Noreg til Polen.

– Dei har starta si eiga etterforsking i Polen, og så har me vår herifrå.

NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet. Dei har førebels ikkje kommentert saka.

Mannen vart sist sett på ein utestad i Warszawa i Polen.

Hei!

Har du tips om denne eller andre saker?

Send meg gjerne ein e-post!

🏷️ Extracted Entities (12)

Dei (entity) Har (entity) Kripos (entity) NRK (entity) Noreg (entity) Oda Elvegård Thorstad (place) Polen (entity) Samarbeid (entity) Sunnfjord (place) Sunnfjord politistasjon (place) Utanriksdepartementet (entity) Warszawa (entity)

📊 Metadata

Category: Krim og hendingar i Vestland