Forbrukartilsynet åtvarar mot falske konkurransar – les vilkåra nøye
Sosiale medium har blitt ein jungel av konkurransar som fristar med draumepremiar. Men sjekk dei små bokstavane før du trykker ’lik’ og taggar vennene dine.
Saka samanfatta:
Les også
Skulle beskytte barn mot upassende reklame. Nå kan ordningen ryke
– Ser ein del svindel-konkurransar
Nina Elise Dietzel
Deltek du i konkurransar på sosiale medium?
Les også
Skjerper kampen mot ulovlige priser
Lever av merksemd
Magnus Hoem Iversen
– Les vilkåra nøye
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
Skjermen lyser opp. Ein influensar held fram ei blank eske som ho seier ho har lyst til å gi bort til nokon.
– Det er jo mange julekalendrar, nå fram mot desember. Det er ofte kalendrar som er utselde, så du vil vinne dei, seier Emilie Moldestad (16).
Saman med klassevenninnene Aurora Eriksen og Tomine Larsen Kristiansen ser ho tilboda heile tida på telefonen sin.
Influensarar og bedrifter vil gi bort gåver, du treng berre å like, kommentere og tipse nokre venner.
Emilie Moldestad (f.v.), Tomine Larsen Kristiansen og Aurora Eriksen får mange tilbod om konkurransar med fine premiar.
Emilie Moldestad (f.v.), Tomine Larsen Kristiansen og Aurora Eriksen får mange tilbod om konkurransar med fine premiar.
Varene verkar veldig freistande og det er lett å delta i konkurransen for å prøve å vinne.
– Ein håpar jo alltid, men eg kjenner stundom at dei vel ut vinnarar med mange følgarar, slik at dei kan reklamere vidare med at dei vann, seier Aurora.
Forbrukartilsynet følger med på bedrifter og influensarar som er aktive nå i tida fram mot jul.
Underdirektør i Forbrukertilsynet
– Det vi dessverre ser ein del av, er at det kan vere svindel-konkurransar. Det kan vere snakk om store premiar, seier underdirektør Nina Elise Dietzel i Forbrukartilsynet.
Men det kan vise seg at premiane ikkje finst.
For nokre år sidan blei dei gjorde merksame på ein influensar som hadde hatt fleire konkurransar med fine premiar. Men ingen premiar blei delte ut.
*– Da enda det med ei bot frå Forbrukartilsynet på 100.000 kroner, seier Dietzel. *
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Det er ikkje tilfeldig at det blir fleire gåveutdelingar og konkurransar fram mot jul, seier medievitar Magnus Hoem Iversen.
Medievitar og forfattar
Han seier mange ønsker å bruke influensarane for å marknadsføre butikken eller produktet sitt. Da gjer dei også alt dei kan for å nå ut til flest mogleg.
*– Influensarar lever av merksemd. Er det éin ting desse konkurransane genererer, er det mykje engasjement og mykje visningar av innhalda deira. *
Men å prøve å lure publikum med konkurransar utan premiar kan vere uklokt, meiner Iversen.
– Det kan jo skade tilliten på sikt. Det ville vere ein veldig kortsiktig strategi.
Forbrukartilsynet jobbar med å stoppe og førebygge ulovleg marknadsføring. Dei ser fleire influensarar som ikkje har god nok merking når dei reklamerer for varer, andre sine eller eigne.
Tilsynet prøver å rettleie og gi ein sjanse til å rette opp feilen. Men dersom det skjer gjentatte brot, kan dei gi bøter.
Dietzel meiner det er viktig at forbrukarane er merksame dersom noko verkar for godt til å vere sant.
Aurora Eriksen, Tomine Larsen Kristiansen og Emilie Moldestad får opp mange typar konkurransar på telefonane. Dei er usikre på kor stor sjansen eigentleg er for å vinne noko.
– Det er lett å la seg lokke av ulike konkurransar eller julekalendrar, men sørg for å også lese vilkåra nøye. Så du ikkje er med på feil premissar eller trur at du har større sjansar for å vinne noko enn du faktisk har.
Ofte er det ikkje mykje som skal til for å delta i konkurransen for å vinne ein premie på sosiale medium. Du må like videoen og skrive inn namnet til nokon du kjenner.
Dei tre venninnene kjenner seg igjen i framgangsmåten.
– Eg blir ofte «tagga» av venner som har lyst til å vinne ting, seier Emilie Moldestad.
Men Forbrukartilsynet er ikkje begeistra for praksisen. Dei ber influensarar og bedrifter om å ikkje oppfordre til å skrive inn namnet til venner og kjente.
– Det er ikkje noko vi ønsker at bedriftene gjer. Det fører rett og slett til at andre får reklame som dei ikkje har bede om. Så ikkje still som vilkår at ein skal «tagge venner», seier Nina Elise Dietzel.
- Forbrukartilsynet åtvarar mot falske konkurransar på sosiale medium, særleg i tida før jul.
- Mange konkurransar lovar store premiar, men nokre gonger finst ikkje premiane i det heile.
- Influensarar og bedrifter bruker konkurransar for å skapa merksemd og engasjement, men praksisen kan vera ulovleg.
- Forbrukartilsynet gir bøter til aktørar som bryt reglane, og oppmodar forbrukarar til å lesa vilkåra nøye.
- Å tagga venner som ein del av konkurransevilkåra kan føra til uønskt reklame og er noko Forbrukartilsynet frårår.
Medievitarar åtvarar om at falske konkurransar kan skada tilliten til influensarar og bedrifter på sikt.
Nina Elise Dietzel Underdirektør i Forbrukertilsynet