Herold

Petter Stordalen tapte mot staten i retten

Kilde: NRK Author: Per-Ivar Kvalsvik Published: 2025-11-24 11:46:44 Last updated: 2025-11-24 14:40:17
Petter Stordalen tapte mot staten i retten

Lagmannsretten dÞmmer Stordalen til Ä betale eit skattekrav pÄ 228 millionar kroner.

Saka oppsummert

Meinte han lurte seg unna skatt

Les ogsÄ

Stordalen i retten: – Har fĂžlgt reglar som har vore der i 100 Ă„r

Petter Stordalen

Lagmannsretten gir Skatteetaten medhald og dÞmmer Petter Stordalen til Ä betale eit skattekrav pÄ 228 millionar kroner.

I tillegg kan dommen fÄ konsekvensar for skatt i Ära etter perioden som retten har vurdert.

Dermed kan dommen fÞre til eit totalt skattekrav mot Stordalen pÄ over 400 millionar kroner.

– Skatteetaten er tilfreds, seier Nils Sture Nilsson ved regjeringsadvokaten.

Nils Sture Nilsson er advokat for Regjeringsadvokaten og fÞrte saka for staten pÄ vegner av Skatteetaten.

– Stordalen er skuffa over resultatet og ueinig med lagmannsretten, seier hans advokat Kaare Andreas Shetelig.

Han opplyser at dei vil kome tilbake til spÞrsmÄlet om anke innan fristen.

Ankefristen i slike saker er éin mÄnad, men dommen kom nÞyaktig éin mÄnad fÞr julaftan.

Sidan retten har fri frÄ 24. desember, sÄ treng ikkje Stordalen Ä levere ein eventuell anke fÞr over nyttÄr.

Kaare Andreas Shetelig er partnar i advokatfirmaet Wikborg Rein og representerer Petter Stordalen.

Bakgrunnen for saka er at Stordalen tok 795 millionar kroner i utbytte frÄ selskapet Oslo Properties, som no heiter Strawberry Fields.

Stordalen kjĂžpte selskapet i 2013. FĂžr det hadde dei tidlegare eigarane sett 3 milliardar kroner inn i selskapet.

Normalt kan ein eigar ta ut innbetalt kapital utan Ä betale skatt, men ikkje dersom formÄlet med Ä kjÞpe selskapet var Ä spare skatt.

Skatteetaten meiner det var Stordalen si hensikt. Difor kravde dei 228 millionar kroner frÄ han i tingretten.

Der tapte Stordalen, og tingretten konkluderte med at oppkjÞpet var «nesten utelukkande skattemessig motivert». Likevel senka tingretten kravet til 184 millionar.

Begge partane anka den opphavelege dommen.

No har lagmannsretten bestemt at alle skattekrava var gyldige. Om dommen blir stÄande mÄ Stordalen betale dei 228 millionane i skatt og 1,1 million kroner i sakskostnader.

Petter Anker Stordalen

FĂždd: 1962 i Porsgrunn.

Norsk foretningsmann, sĂŠrleg kjend for store investeringar i hotell.

Eig verdiar tilsvarande 28 milliardar kroner, ifĂžlge Kapital.

Er med det nummer ti pÄ lista over Norges rikaste, ifÞlge bransjebladet.

Eigar av konsernet Strawberry.

đŸ·ïž Extracted Entities (20)

Andreas Shetelig (person) Anker Stordalen FĂždd (person) Har (entity) Kaare Andreas Shetelig (person) Meinte (entity) Nils Sture Nilsson (person) Norges (entity) Normalt (entity) Oslo Properties (person) Petter Stordalen (person) Petter Stordalen Lagmannsretten (person) Porsgrunn (entity) Regjeringsadvokaten (entity) Saka (entity) Skatteetaten (entity) Stordalen (entity) Strawberry (entity) Strawberry Fields (person) Sture Nilsson (person) Wikborg Rein (person)

📊 Metadata

Category: NÊringsliv, Økonomi, Norge