Baneheia-dømte Jan Helge Andersen anmeldt for nedlasting av overgrepsmateriale
Det er ikkje fyrste gong Andersen har vorte meld til politiet for slikt materiale.
Saka oppsummert:
Dette er Baneheia-saken
Ikkje fyrste gong
Les også
Fann overgrepsbilete på PC-en til Jan Helge Andersen
Dømd til forvaring
Les også
Jan Helge Andersen dømt til forvaring for drapet på Lena (10): – Enormt voldspotensial
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Jan Helge Andersen har igjen vorte meld til politiet for nedlasting av overgrepsmateriale.
Det stadfestar Oslo politidistrikt til NRK.
Dei leverte inn ei politimelding 17. november for brot på straffelovas paragraf 311.
Andersen er sikta i saka. «Politiet opprettet anmeldelsen basert på funn i etterforskingsmaterialet. Det er framleis tidlig i etterforskningen, og det gjenstår etterforskningsskritt», skriv politiadvokat Cecilie Gulnes i ein e-post til NRK.
Politiet vil ikkje kommentera saka meir enn det av omsyn til etterforskinga.
Aftenposten omtalte saka fyrst.
Ifølge avisa har Andersen ikkje vilja stilla til avhøyr om saka.
Ein av forsvararane hans, Celine Krogh Fornes, skriv til NRK at dei ikkje vil kommentera saka.
Jan Helge Andersen vart saman med Viggo Kristiansen dømd for å ha drepe og valdteke Lena Sløgedal Paulsen og Stine Sofie Sørstrønen i Baneheia i Kristiansand i 2000.
Kristiansen vart frikjend i 2022 etter at saka vart gjenopptatt.
Jan Helge Andersen ble i Agder lagmannsrett i 2002 dømt til 19 års fengsel for å ha drept Stine Sofie. Viggo Kristiansen ble dømt til 21 års forvaring for drapet på Lena, samt medvirkning til drapet på Stine Sofie.
I februar 2021 besluttet gjenopptakelseskommisjonen gjenåpning av dommen mot Viggo Kristiansen, og i desember 2022 ble han frikjent.
DNA-bevisene mot ham fra den opprinnelige dommen viste seg ikke å holde mål, og analyser av teledatatrafikk konkluderte med at han ikke hadde vært i Baneheia da drapene skjedde.
I juli 2024 ble Andersen dømt i Sør-Rogaland tingrett for drap og overgrep på Paulsen. Retten mente det bevist at Andersen handlet alene, og dømte han til to års fengsel. Saken ble anket.
- juni 2025 dømte Gulating lagmannsrett dømte Andersen til forvaring med en tidsramme på to år. Lagmannsretten fastslo at Andersen var skyldig i å ha drept begge jentene.
Andersen anket saken på stedet. Skyldspørsmålet er avgjort og kan ikke ankes, men det kan straffen. Høyesterett behandler ankesaken i november 2025.
Det er ikkje fyrste gong at det har vorte funne overgrepsmateriale hjå Jan Helge Andersen.
Òg i 2022 vart det funne overgrepsbilete på PC-en hans.
Bileta vart funne i samband med at politiet ransaka bustaden hans.
Forsvarar Svein Holden stadfesta då at det var snakk om bilete som seksualiserer born.
– Andersen held fast på at han ikkje har lasta bileta ned, og basert på forklaringa og informasjonen hans frå etterforskingsmaterialet er eg for min del svært usikker på om dette i det heile blir ramma av straffelova, sa Holden til NRK då.
Etter at Kristiansen vart frikjend i 2022, vart gamle bevis undersøkt på nytt.
Då vart det gjort nye funn som knytte Jan Helge Andersen til overgrep mot Lena Sløgedal Paulsen.
I juni dømde lagmannsretten Andersen til forvaring med tidsramme på to år for drapet på Sløgedal Paulsen.
Retten slo òg fast at Andersen drap båe jentene åleine.
I forvaringsdomar vert det ofte sett ein minstetid, men det vart ikkje gjort i dette tilfellet. I prinsippet kan straffa hans i prinsippet vara livet ut.
Andersen anka domen på staden. Ankesaka hans vert handsama i Høgsterett no.
- Baneheia-dømde Jan Helge Andersen er meld til politiet for nedlasting av overgrepsmateriale. Saka er under etterforsking.
- Dette er ikkje fyrste gong Andersen har vorte meld for liknande forhold; òg i 2022 vart det funne overgrepsbilete på PC-en hans.
- Ifølge Aftenposten har Andersen nekta å stilla til avhøyr om saka.
- Han vart i juni dømd til forvaring i to år for drapet på Lena Sløgedal Paulsen.
- Han har anka forvaringsdomen, og ankesaka vert no handsama i Høgsterett.