Jolestjerna og arbeidsmiljøet – ein årleg kamp for overleving
Plus
Kvart år kjøper eg meg ei jolestjerna.
Og kvart år skjer det same....
Eg stellar godt med ho dei fyrste dagane, plasserar ho fint, vatnar forsiktig, sjekkar ljosforholda – og likevel endar ho opp med å takka for seg lenge før ho burde.....
Kva er det som går så gale?
Eg er aldri heilt sikker. Kanskje står ho for myrkt, kanskje for kaldt, kanskje for turt, eller kanskje det berre er for mykje jolastress og for lite plantestell?
Og eigentleg er det akkurat slik med arbeidsmiljøet òg.
I starten av eit nytt arbeidsmiljøprosjekt er alle engasjerte.
Ein lagar planar, set mål, pyntar litt på kultur og struktur.
Me pratar om trivsel, samarbeid og kommunikasjon.
Men etter nokre veker glir kvardagen inn – akkurat som når jolestjerna mister dei fyrste blada utan at me heilt får det med oss.
Me trur at «dette går sikkert bra», men likevel endar miljøet opp med å skranta.
For både jolestjerna og arbeidsmiljøet treng jamnleg stell.
Litt ljos, litt vatn, litt merksemd.
Og ikkje berre i starten, sjå berre her;
• Riktig plassering: Ei Jolestjerna som står feil, vil ikkje trivst.
Det same gjeld for folk som har uklare roller, opplever manglande støtte eller for låge/høge forventningar.
• Riktig mengde omsorg: For lite oppfyljing – den turkar ut, for mykje vatning – Jolestjerna rotnar.
Balansen er alt – også i arbeidsmiljøet.
• Tålmod: Du kan ikkje redde ei Jolestjerna på éin dag viss ho har lidd i tre veker.
Og du kan heller ikkje løysa arbeidsmiljøproblem med eit éin-gongs tiltak.
• Å sjå etter tidlege teikn: Litt slappe blad no kan bety store problem seinare.
Same med frustrasjonar, misforståingar eller små konfliktar i arbeidsmiljøet.
Og kanskje viktigaste av alt;
Det er lett å tenka at Jolestjerna døydde av seg sjølv, men dei fleste arbeidsmiljøproblem har røter i vanar, system og val me faktisk kan påverka.
So neste gong eg kjøper ei Jolestjerna, skal eg prøve å gjere det betre.
Gje ho kontinuerleg merksemd, fylgja opp og justere etter behov.
Rett og slett leva slik me ynskjer at arbeidsmiljøet vårt skal gjerast betre: gjennom små, jamne handlingar som skaper livskraft over tid.
Og om eg endar opp med å drepa Jolestjerna i år òg?
Vel – då får eg i da minste sjå på det som ei påminning om at godt arbeidsmiljøarbeid aldri går av seg sjølv – det krev kontinuerleg innsats!
Stjerna sin dag
Helene (44) er fyrste kvinnelege leiar i skyttarlaget: – Rart det tok 163 år
Han saknar noko her. Ser du kva det er?