Herold

Bømosaka, skremmande og spennande!

Plus
Kilde: Hordaland Author: Odd Bakketun Published: 2025-12-22 12:12:47
Bømosaka, skremmande og spennande!

Det er skremmande viss det i Bømosaka har versert kjøpeslåing mot politiske «motstandarar», dvs. «stemmer du ikkje med oss her, så stemmer eg ikkje med deg der», og at ein lokalpolitikar ikkje skjønnar at slik framferd også vert viteleg for menigmann.

Det er skremmande å registrera kor lite enkelte heradstyremedlemmer har fått med seg vedr. kommunen sine plikter og frist m.o.t. oppgradering av Bjørkebrua den tid dette også ligg inne i noverande reguleringsplan som dei har vore med å vedta, er omhandla i avtaleforslaget, og vart grundig handsama i info-møtet før heradstyremøtet.

Eller, var utsetjingsforslaget basert på dette berre eit spel for å vinna ei ekstra stemme ved endeleg røysting?

Det er skremmande korleis høgtropande grupper med grunnlag i motatte sms-er og heiarop etc. frå likesinna definerer sine meiningar som folkeviljen.

Det er skremmande å registrera kor skjør Ekstremsportveka synest å vera då det vert hevda at den ikkje toler justering som m.a. medfører endra overnattingsmogelegheiter og oppgradering til lovlege installasjoner ved ein av dei mange aktivitetane deira.

Mykje er skremmande her, men aller verst er det første punktet!

Det vert spennande å sjå kva staten meiner om kor samfunnsnyttig luftsport for vaksne er i fall det vert vedtatt oreigning.

Det vert også spennande å sjå kva prislappen av areale over dei store grunnvass- og grunnvarmeforekomstane vil verta.

Ja, og så kan det verta spennande å sjå om det er mogeleg å selja bensin frå byggegodkjent «bensinstasjon»

Stor ros til ordføraren for godt utført arbeid i ei krevjande sak!

Bømoen AS: – Avtalen ligg framleis på bordet

Kommune-TV grusa rekorden: – Over 9000 sjåarar!

Ap og SV: – Sp har brote det raudgrøne samarbeidet

Utset vedtaket i saka om Bømoavtalen

🏷️ Extracted Entities (6)

Bjørkebrua (entity) Bømoavtalen (entity) Bømoen AS (organization) Bømosaka (entity) Ekstremsportveka (entity) SV (entity)