Herold

Reduserer talet på styremedlemmer - Hus tek ikkje attval

Plus
Kilde: HF Author: Eivind Dahle Sjåstad Published: 2025-12-22 13:39:00
Reduserer talet på styremedlemmer - Hus tek ikkje attval

Vestland Bondelag har på eit ekstraordinært årsmøte vedtatt å redusere talet på styremedlemmer frå dagens ni til sju. Samtidig er det klart at Andreas Hus frå Ullensvang ikkje tek attval.

Det kjem frå i ei pressemelding.

Som ein følge av reduksjonen vil heile det sitjande styret bli fristilt, og alle styreplassar er på val på det kommande årsmøtet i mars.

- Vi har eit viktig arbeid framføre oss. Medan det vanlegvis er halve styret pluss leiar som er på val til kvart årsmøte, vedtok det ekstraordinære, digitale årsmøtet i desember at ein i overgangen til ny styrestruktur set alle styreverv på val, fortel Turid Bjørndal Njåstad, leiar i valnemnda til Vestland Bondelag.

Njåstad legg til at valnemnda sit med eit stort ansvar, og at dei no ønskjer tips til gode kandidatar til styret.

I tillegg til Hus tek heller ikkje Guro Stuve, Rolf Olav Gjørven, Dorthe Svantesvold eller Kjersti Hjelmeland attval.

– Alle som har sagt frå seg er 41 år og yngre. Det betyr at vi ønskjer ekstra tips om yngre bønder. Vi jaktar nye talent som kan gjera ein jobb for vestlandsbonden og fellesskapet i Vestland Bondelag. Vi håpar difor at gode kandidatar blir spelt inn til valnemnda før 8. januar, seier Njåstad.

Vestland Bondelag held årsmøte 12.–13. mars på Quality Edvard Grieg Hotel på Sandsli i Bergen.


🏷️ Extracted Entities (10)

Vestland Bondelag (person) Andreas Hus (person) Turid Bjørndal Njåstad (person) Dorthe Svantesvold (person) Guro Stuve (person) Kjersti Hjelmeland (person) Quality Edvard Grieg Hotel (organization) Rolf Olav Gjørven (person) Sandsli (entity) Ullensvang (entity)