Herold

På tide å avslutte vindkraftkonflikta i Bremanger

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Jørund Nygård, Bremanger Published: 2025-12-22 13:04:11
På tide å avslutte vindkraftkonflikta i Bremanger

*Bremanger er *kommunen på Vestlandet som har bygd ut mest vindkraft. Mykje flott natur er sprengt ut, og inngrepa kan ikkje tilbakeførast. Svært mange dyre- og fugleartar har mista sine leveområde, og store område opplever støybelastning og sjenerande blink frå høgintensitetslys nattestid.

Det har likevel i etterkant av desse utbyggingane ikkje blitt laga noko konflikt ut av dette, korkje frå innbyggarane som bur nært, eller vi som er naturvernarar. Årsaka er at ein hadde fått kjempa gjennom eit leveleg kompromiss i kommunen. Kommunepolitikarane innsåg at tolegrensa var nådd, og lovde før valet 2023 at meir vindkraftutbygging i kommunen skulle bli avslått.

*Alle stemde for *dette kompromisset når dei vedtok samfunnsplanen til Bremanger kommune samrøystes, og alle listetoppar i Bremanger-politikken lova før valet i 2023 å seie nei til nye vindkraftverk. Dette har ein god dokumentasjon for, mellom anna i VG sin valgomat.

Dette samfunnskompromisset blei diverre brote. Politikarane har starta opp planprogram for utbygging av vindkraft, trass lovnadane om å seie nei. Dette har skapt mykje konflikt med bygdefolk, naturvernarar og nabokommunen, som alle har mista tryggleiken om at resten av naturen i Bremanger skulle skånast mot vindkraftutbygging.

Den uryddige snuoperasjonen medfører at det vakre og spektakulære hyllelandskapet på Ramskredfjellet og Myklebustfjellet – ei unik geologisk arv – no er truga. Dette skjer gjennom ein hasteprosess der både vindkraftselskapet Zephyr og kommunen uttalar at endeleg vedtak skal skje før lokalvalet i 2027. Med andre ord – før innbyggjarane i Bremanger kan få meine noko om planane.

*Hastverket er så *stort at samfunnsplanen i Bremanger kommune, som politikarane skal endre for å opne for vindkraftutbygging i kommunen, berre blei lagt ut på høyring i fire veker – og ikkje seks – som er lovpålagt.

Reaksjonane frå alle som vil bevare naturen, er sjølvsagde. Og at mange mista tilliten til dei folkevalde, kjem av seg sjølv. Innbyggjarane er blitt fråtekne si demokratiske stemme.

Men i tillegg er det diverre skapt mykje konflikt mellom grunneigarar og naboar. Og ulike vindkraftaktørar saumfarer no Bremanger på leit etter grunneigarar som kan tenke seg utbygging. Det seinaste eksempelet er SFE sine planar i fjellområdet ved Sandsegga i Svelgen. Her er det både grunneigarar som er for, medan andre er sterkt imot. Om desse planane går vidare, vil det truleg bli valdsame reaksjonar frå dei i Svelgen som brukar dette mykje til friluftsliv, og som vil få støy til bustadane sine. Potensialet for liknande konfliktar i resten av kommunen er stort.

Å ha eit godt forhold til nabokommunen Kinn, som omkrinsar Bremanger, er avgjerande, fordi ein samarbeider om mange tenester. Det er no sett i spel ved at områda som det er starta opp vindkraftplanar i, er det viktigaste utfartsområdet for befolkninga i Florø og omeign. At Kinn-politikarane samrøystes varslar motsegn mot planane er eit sterkt signal, så delte dei ofte er i andre saker.

Med dette bakteppet er det eit underleg skue å sjå ansvarsfråskriving frå einskilde Bremanger-politikarar, der dei legg ansvaret for at det er skapt konfliktar på naboar, naturvernarar og organisasjonar som Ålfotbreen landskapsvernområde.

Eg skulle sjølvsagt ynskje at politikarane avslutta desse konfliktane med å gjere det dei lovde. Å seie nei til vindkraftplanane, fordi tolegrensa er nådd.

Men eg innser òg at ei sak har to sider. Det er einskilde i Bremanger som faktisk ynskjer meir vindkraft og ynskjer ein omkamp om kompromisset der kommunen skulle seie nei til fleire prosjekt.

Det einaste realistiske er då at denne omkampen vert ført etter demokratiske spelereglar. Innbyggjarane må få tilbake si demokratiske stemme, gjennom ei rådgjevande folkerøysting. Då sikrar ein at alle blir sett og høyrt, uavhengig av kva haldning ein har til vindkraft, og om ein er lågmælt eller høgrøysta. Ein vil redusere alt av konflikt vesentleg.

Eg og andre samlar difor for tida inn signaturar frå innbyggjarane i Bremanger som krev folkerøysting. Vi har enno ikkje vore rundt i heile kommunen, men der ein har gått har responsen er overveldande positiv til initiativet.

Alternativet til ei slik avstemming er tap av tillit, og opprivande konfliktar der bygdesamfunna i Bremanger riv kvarandre i stykker med krangling om vindkraft.

*Med von om *ei fredeleg jul og eit godt nytt år, der ein gjennom kloke politiske avgjerder kan hindre evigvarande konfliktar som tek knekken på trivsel og samhald i den vakre kommunen vår!

🏷️ Extracted Entities (12)

Bremanger (entity) Kinn (entity) Svelgen (entity) Florø (entity) Myklebustfjellet (entity) Ramskredfjellet (entity) SFE (entity) Sandsegga (entity) VG (entity) Vestlandet (entity) Zephyr (entity) Ålfotbreen (entity)