Herold

Liten pus på farleg reise: – Me vil veldig gjerne at denne katten skal få koma heim til jul

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingvild Sjo Published: 2025-12-22 11:00:00
Liten pus på farleg reise: – Me vil veldig gjerne at denne katten skal få koma heim til jul

Ved Ragn-Sells på Stord har dei fått hand om ein ung hokatt frå Husnes som har vore på rømmen sidan midten av november.

Ved Ragn-Sells på Eldøyane har dei teke hand om eit lite dyr som det er litt synd på for tida. Eller rettare: Veldig synd på. Ho er ute på ei lang og sørgjeleg reise.

*Og det viser seg at det er fullt i katteherberget denne jula. Både på Stord og på Bømlo. *

Sjåføren av lastebilen som henta ein konteinar ved industriområdet til SIM Kvinnherad i midten av november, såg den kvite og svarte katten på staden. Han sjekka konteinaren før han køyrde, men fann ikkje katten. Så dukka den same katten opp på Ragn-Sells sitt område på Eldøyane. Sjåføren skjøna kva som hadde skjedd. Katten hadde vore blindpassasjer om bord.

– Difor er dette mest sannsynleg ein katt frå Husnes-området, melder Ragn-Sells som har publisert bilde av kontainerpusen på Facebook i håp om å treffa på eigaren.

Ein villkatt er det slett ikkje. Det er ein huskatt som ikkje finn vegen heim.

– Dette er ein kontaktsøkjande og kosete katt. Me vil veldig gjerne at denne katten skal få koma heim til jul! seier Fatland.

*Den som kjem over dyr i naud har plikt etter lova til å ta hand om dyret. Det har dei tilsette ved Ragn-Sells òg gjort, ved at dei sette opp ei felle og fekk fanga katten. Så tok dei den med til veterinær. *

Der fekk dei vita at dette er ein ung hokatt som ikkje er kastrert, som heller ikkje har chip med identifikasjon.

Ragn-Sells tek difor vare på katten inntil vidare.

Dagleg leiar Torill Mosheim og Kine Fatland håpar nokon tek kontakt for å henta den uheldige pusen heim til jul.

– Ikkje kjøp umerkt fyrverkeri

🏷️ Extracted Entities (9)

Ragn-Sell (entity) Eldøyane (entity) Husnes (entity) Kine Fatland (person) Stord (entity) Bømlo (entity) Facebook (entity) SIM Kvinnherad (organization) Torill Mosheim (person)