Nynorsk – eit skulespråk?
Plus
For nokre veker sidan starta eg i ny jobb som leiar for nynorskprosjektet «Meir mål i Rogaland», som er eit samarbeid mellom Nynorskkommunane (LNK), Rogaland Mållag, Noregs Mållag, Garborgsenteret, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum.
Målet med prosjektet er å styrka nynorsken i Rogaland. Dei tre fyrste vekene hadde eg hatt føredrag for norsklærarane i vidaregåande skule og delteke på Nynorskstafetten. Her har eg treft mange fine folk – lærarar, avdelingsleiarar og rektorar – som har eit hjarte for nynorsken. Samstundes ser eg at me har eit stykke å gå, kanskje spesielt når det gjeld nynorsken sin posisjon utanfor skulen.
Kor mykje nynorsk møter elevane på Jæren utanfor skulen? Og kor mange jærske næringslivsaktørar brukar nynorsk som arbeidsspråk? Eller var det slik at nynorsk berre kan brukast til lyrikk og skjønnlitteratur? Nei, sjølvsagt ikkje. Nynorsk kan brukast til alt; frå å selja saft og syltetøy til å skriva nobelprisvinnande litteratur. Likevel er det bokmål som dominerer. Kvifor er det slik, trass i at både Klepp og Time er nynorskkommunar?
Eg trur det handlar om vanar, og til ein viss grad kjensler. I folk sin språklege verkelegheit inntek nynorsk ofte posisjon som sidemål. Det er kanskje ikkje så rart, for om ein ser heile Noreg under eitt, er det ingen tvil om kva som er majoritetsspråket. Men her på Jæren er det motsett, i alle fall i skulen; Hå og Time er på tredje- og fjerdeplass i Noreg i talet på nynorskelevar. Då er det skuffande å sjå at nynorsk er så usynleg i samfunnet elles. For me har eit problem om nynorsk vert redusert til eit skulespråk, eller eit «klokka 8 til 14-språk», om du vil. Då opplever elevane i jærskulane at språket deira ikkje har noko verdi utanfor skulen, og då er det kanskje ikkje så rart at så mange skiftar hovudmål på vidaregåande.
Det er vanskeleg å bli god i eit språk dersom ein aldri brukar det. Som norsk- og engelsklærar i vidaregåande skule i ti år veit eg det. Mange elevar blir særs gode i engelsk, nettopp fordi dei brukar språket. Til dei som tykkjer engelsk er vanskeleg, seier eg at det ikkje er lett å bli god i engelsk av å ha det fem timar i veka; for å bli god må du bruka språket aktivt, gjennom å lytta, snakka, skriva og ikkje minst lesa. Det same gjeld nynorsk, sjølv om den kanskje ikkje har den same språklege prestisjen som engelsk har. Og me bør alle lesa meir nynorsk, for det finst mykje god litteratur på nynorsk, både for barn, ungdom og vaksne. Nynorsk bør vera ein naturleg del av jærbuen sin språklege verkelegheit. Derfor skulle eg gjerne sett at næringslivet på Jæren, og særleg dei aktørane som vil framstå med ein jærsk identitet, tok eit tak for nynorsken og brukte språket i større grad.
Språk er identitet, det veit alle som elskar dialektmangfoldet her i Noreg. For det å plassera folk geografisk på bakgrunn av slik dei snakkar, er nærmast som ein nasjonalidrett å rekna. Om ein høyrer jærmålet, er det lett å høyra at det ligg nærmare nynorsk enn bokmål, ikkje berre på grunn av høgfrekvente ord som «eg», «me», «dei» og «ikkje», men òg spørjeorda, og det at me kan bruka a-infinitiv. Eg kunne sikkert nemnt fleire, men skal avslutta dette avsnittet med eitt av mine favorittord: «heim». Forutan «kjærleik» trur eg «heim» må vera det finaste ordet i det norske språket.
For det er noko heimsleg med Jæren, jærmålet og nynorsken. Vår språklege verkelegheit. Saman med sognemålet og setesdalsk vert jærmålet ofte peika ut som nokre av dei mest særmerkte dialektene i Noreg. Og kva har desse talemåla til felles? Jo, dei er relativt nynorsknære, og dei har alle ein del felles språkdrag med gamalnorsk. Det bør me ta vare på. Masteroppgåva mi frå 2022 viste at jærmålet framleis står ganske støtt blant ungdommar på Bryne, trass i urbaniseringa dei siste 20 åra, og me har ein rå målambassadør i Erling Braut Haaland. Nå håpar eg nynorsken blir meir synleg i samfunnet, slik at me om 50 år kan lyfta neven i vêret og seia: Jærmålet og nynorsken lever i beste velgåande på Jæren!