Herold

Når fellesskap blir for tung bagasje

Plus
Kilde: Finnmarkdebatten Author: Geir Jon Aarskog, Skribent, Banak i Porsanger Published: 2025-12-22 08:45:37
Når fellesskap blir for tung bagasje

Sveits er blitt ein sofa for dei som ikkje orkar dugnad

Det er noko rørande over rikingen som pakkar kofferten og flyttar til Sveits.

Ikkje fordi han må.

Ikkje fordi han er jaga.

Men fordi han er lei av å dele.

Lei av nesten gratis barnehage samt skulefritidsordning

Lei av gratis skule/universitet

Lei av gratis helsevesen.

Lei av fritt sjukehusval.

Lei av bortebuarstipend, gratis tannlege i ungdomsåra og tryggleik når livet raknar.

Lei av dugnad på idrettsbana.

Lei av vaffelrøre og kalde fingrar.

Lei av å vere ein del av noko.

Så dreg ein. Til Sveits.

Med høg sjølvtillit og lågt ansvar.

Kjell Inge Røkke seier han aldri kjem heim. Det er eigentleg heilt greitt. For det seier meir enn tusen intervju:

Eg fekk alt – men vil ikkje vere med vidare.

Og her kjem spørsmålet som sjeldan blir stilt høgt:

Kven har eigentleg gjort dykk rike?

Var det dykk åleine?

Nei.

Det var heilt vanlege folk.

Arbeidsfolk som stod opp tidleg.

Lærarar som utdanna dykk.

Sjukepleiarar som heldt dykk i live.

Lokalsamfunn som tok risikoen.

Ein stat som bygde vegar, hamner, skular og tryggleik – betalt av fellesskapen.

Ingen blir milliardær i eit tomrom.

Så må vi våge å spørje om det som verkeleg er ubehageleg:

Kva skjer i hjarta når folk blir rike og får makt?

For noko skjer.

Empatien krympar.

Avstanden veks.

Fellesskap blir til «kostnad».

Menneske blir til «utgift».

Samfunnet blir til «system».

Og plutseleg framstår dugnad som ein trussel.

Skatt som eit overgrep.

Solidaritet som noko for dei andre.

Ironien er brutal:

Jo meir pengar folk får, jo meir byrjar dei å tru at dei er blitt ekstremt intelligente.

Beklagar – det heiter visst sjølvtillit.

Det krev ikkje genialitet å flytte dit skatten er lågast.

Det krev berre vilje til å snu ryggen til dei som bar deg fram.

Eg lurer oppriktig på kva dykk skal sitje og syte på i Sveits.

At ingen helsar?

At ingen spør om dykk kan ta kioskvakt?

At det ikkje finst dugnad – berre tenester?

I Noreg deler vi.

Vi kranglar, ja.

Vi er ueinige, ja.

Men når det brenn, så stiller vi.

Dykk som flyttar for å sleppe å dele, er ikkje forfølgde.

Dykk er ikkje offer.

Dykk er berre ferdige med oss.

Og då må det vere lov å seie det høgt:

Eg ser ikkje Sveits-fararane som ekte nordmenn.

Ikkje fordi dei flyttar.

Men fordi dei ikkje vil vere med og dele lenger.

Grådigheta har ikkje gjort dykk frie.

Ho har berre gjort dykk mindre.

Skam dykk –

ikkje fordi dykk vart rike,

men fordi dykk gløymde kven som gjorde dykk

God jul – la dei små få leve

Men la det vere meir enn ord og pynt.

La det vere ei jul der vi gjer politikk som liknar folkeskikk.

La små bedrifter og små og mellomstore familieverksemder få lågare skatt først.

Ikkje som gåver.

Men fordi dei ber landet.

Det er dei som gir ungdom første jobben.

Som held liv i bygder og bydelar.

Som stiller opp når idrettslaget manglar pengar.

Som kjenner dei tilsette ved namn – og familien deira òg.

Dei store seier alltid at dei treng mest.

Men historia viser noko anna:

Store konsern jobbar systematisk for å sluke dei små.

Ikkje nødvendigvis av vond vilje.

Men utan empati.

For empati har ikkje plass i aksjonærlogikk.

Ho finst i verkstaden, bakeriet, fiskemottaket og den vesle butikken på hjørnet.

Difor:

Bygg samfunnet nedanfrå.

Ver lojal mot dei som blir verande.

Gje skattelettene der hjarta slår – ikkje der pengane hopar seg opp.

Det er ikkje misunning.

Det er rettferd.

God jul frå Banak :heart::blush:

🏷️ Extracted Entities (4)

Sveits (entity) Banak (entity) Kjell Inge Røkke (person) Noreg (entity)