Det går for treigt, Statnett!
Plus
Takk for forsikringar om at de vil prioritere å styrkje straumnettet i Vestland. Men kan de òg love å få opp dampen?
Kenneth Teigenes lovar i eit svarinnlegg i Firdaposten at Statnett framleis prioriterer å styrkje straumforsyninga i Vestland høgt. Det er vi glade for å høyre.
Samtidig er vi framleis ikkje beroliga av tidsplanen til Statnett. Opphavleg skulle lina ha stått klar i 2029. No kjem ho tidlegast i 2034, og kan hende endå seinare. Dette er ei alvorleg forsinking. Det vi treng, er forsikringar om at ein jobbar så raskt som mogleg for få kraftlina mellom Samnanger og Øygarden klar.
For det hastar! Lina er kritisk for sikker straumforsyning i heile Vestland. Vi er Noreg sin største eksportregion, med ei rekkje samfunnskritiske verksemder som treng sikker straumforsyning.
Statnett må syte for at det blir ei utbygging av straumnettet som legg til rette for behova no og i framtida. Verksemder i Vestland står allereie no i kø for straum. Då kan vi ikkje akseptere at utbygginga av ny kraftline mellom Samnanger og Øygarden dreg ut i tid.