Kommentaren inneheld vesentlege faktafeil og forenklingar som det er nødvendig å rette opp
Plus
Tidens Krav har publisert ein kommentar som gir uttrykk for stor frustrasjon knytt til budsjettprosessen i Helse Møre og Romsdal. Engasjementet for tilsette og pasienttilbodet er forståeleg, og mange av bekymringane som blir løfta, er også reelle. Samstundes inneheld kommentaren vesentlege faktafeil og forenklingar som det er nødvendig å rette opp.
Når Molde-makta får kjenne på Ålesund-makta
Feil
For det første: Påstanden om at administrasjonen i Ålesund har eit lønnsbudsjett på om lag 584 millionar kroner, er feil. I denne summen ligg mellom anna 100 millionar kroner til pukkelkostnader knytt til SNR, avsetning til lønnsoppgjeret for heile HMR i 2025, samt lønnsbudsjett til alle stabsavdelingar, utdanningsstillingar, eksternfinansierte forskingsstillingar, brukarutval og styret.
Å framstille dette som reine administrative lønnskostnader gir eit grovt misvisande bilete av ressursbruken i føretaket.
Når det gjeld påstanden om at administrasjon og leiing i liten grad bidreg i omstillinga, stemmer heller ikkje dette. Også stabs- og leiarfunksjonar er pålagde kostnadsreduksjonar, stillingar blir haldne vakante, oppgåver blir hardare prioriterte, og støttefunksjonar blir reduserte. Dette er krevjande grep som allereie merkast i kvardagen, også utanfor klinikkane.
Eg deler likevel fullt ut bekymringa for belastninga på tilsette i pasientnære tenester. Høgt arbeidspress, sjukefråvær og overbelegg er ikkje ei ønskjeleg situasjon, og vi veit at dette får konsekvensar både på kort og lang sikt. Nettopp difor er økonomisk kontroll heilt avgjerande.
Vedvarande underskot gir mindre handlingsrom og er ikkje ein situasjon føretaket toler å stå i over tid utan at det får omfattande konsekvensar for pasienttilbodet i fylket.
Einige, men...
Økonomisk situasjon, aktivitet, bemanning og effekt av tidlegare gjennomførte tiltak varierer betydeleg internt i HMR. Tiltaka kan difor ikkje vere like overalt. Her må vi som leiarar gjere differensierte vurderingar baserte på risiko, pasienttryggleik og grad av gjennomførbarheit.
Kommentaren peikar på behovet for å ta betre vare på helsepersonell. I dette er vi heilt einige. Samstundes er det ein realitet at helsetenesta står overfor ei demografisk utvikling som gjer at vi må bruke arbeidskrafta smartare, organisere oss annleis og prioritere hardare enn før.
Å unnlate å ta tak i dette no, vil vere å skyve ei langt større belastning over på tilsette i åra som kjem.
Kritikk og debatt er nødvendig i ei offentleg helseteneste. Men ho bør byggje på korrekt faktagrunnlag og ei forståing for heilskapen i styringsutfordringane vi står i. Helse Møre og Romsdal skal framleis vere eit føretak der pasienttryggleik, fagleg kvalitet og omsynet til tilsette står i sentrum – også når økonomien tvingar fram krevjande avgjerder.
Ingen pengebinge i Stjørdal
Støtte til etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus
Rekk opp handa dei som kjenner seg ansvarleg for Helse Møre og Romsdal
Medan snøballen ruller utfor stupet forsvarer HMN forfordelinga
Blir helseressursene skjevfordelt?