Herold

Domkyrkjeruinane i Hamar stengd etter at glasrute fall ned – uvisst når bygget blir igjen opna

Kilde: NRK Author: Knut Røsrud Published: 2025-12-21 15:29:58
Glasrute i Hamardomen fall ned: – Ikkje noko vi kan leve med

Glaskatedralen over domkyrkjeruinane på Hamar kan bli stengd i lang tid etter at enda ei glasrute fall ned. Framleis er finansieringa av utbetringa i det uvisse.

Saka oppsummert:

  • Glaskatedralen over domkyrkjeruinane på Hamar er stengd etter at ei glasrute fall ned i juli 2025.
  • Bygget, som består av 1675 glasruter, har hatt fleire liknande ulykker sidan det stod ferdig i 1998.
  • Årsaka til glasfallet er aldrande plastfòringar i festane som held glasplatene saman.
  • Riksantikvaren eig bygget og ventar på ein rapport som skal gi svar på korleis bygget kan utbetrast.
  • Kostnadene for utbetring er store, og finansieringa er avhengig av politiske avgjerder.
  • Det er usikkert om bygget kan opnast igjen til sommarsesongen 2026.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det høge glasbygget over dei gamle domkyrkjeruinane på Hamar, har tidlegare blitt kåra til eit av dei vakraste musea i verda.

Etter at ei glasrute i fall ned 22. juli 2025, stengde Riksantikvaren Hamardomen for publikum på ubestemt tid.

– Det gjer vondt og er ikkje noko som vi kan leve med over tid, seier avdelingsdirektør ved Anno Domkirkeodden, Per Øyvind Riise.

Nå er det høgst usikkert om praktbygget på Domkirkeodden blir klart til sommarsesongen 2026. Eller om publikum må nøye seg med å sjå det frå utsida.

Avdelingsdirektør ved Anno Domkyrkjeodden, Per Øyvind Riise.

Fleire ulykker

Det unike glasbygget stod ferdig i 1998 og består av 1675 glasruter. Sidan da har åtte glasplater falle ned.

– Det vi ser er at plastfòringa i festane som held glasplatene saman, blir gamle, sprø og sprekk opp, seier Riise.

Det store vernebygget over kyrkjeruinane på Hamar, stod klart i 1998.

Ei av dei 1675 glasplatene i vernebygget over Domkyrkjeruinane på Hamar manglar framleis.

Uviss framtid

Sidan det stod ferdig, har vernebygget Hamar vore eit landemerke ved Mjøsa. Det er eit unikt signalbygg og ei heilt spesiell kyrkje. Her er det gudstenester, bryllaup og konsertar. Men nå tør altså ikkje Riksantikvaren ta fleire sjansar. For det er Riksantikvaren, som eig det historiske bygget på Hamar. Dei ventar framleis på den endelege rapporten etter hendinga i sommar. Denne skal gi svar på årsaka til kvifor glasplater losnar, og korleis bygget skal utbetrast.

Vernebygget over domkirkeruinene

Bygget er høgt, det er livsfarleg om glasplater skal falle ned på publikum

– Vi synest dette er veldig leitt, for vi er, akkurat som hamarsingane, veldig stolte av bygget. Vi vil at det skal gjenopnast så fort som mogleg. Men vi må ta omsyn til liv og helse først, seier seksjonssjef Kaare Stang hos Riksantikvaren.

Kaare Stang, avdelingssjef hos Riksantikvaren.

Kostar mykje

Kostnadene knytt til ei utbetring, er også ei stor utfordring for Riksantikvaren.

– Når det gjeld det omfattande arbeidet, trengst eit større beløp, som vi ikkje har nå, seier Kaare Stang. Han forklarer at det i så fall må komme som ei tilleggsløyving, og det blir ei politisk avgjerd, seier Stang.

Sjølv håpar direktøren på Domkirkeodden, Per Øyvind Riise, at dei saman med Riksantikvaren kan finne ei midlertidig løysing før sommaren.

– Eg trur vi skal få til å finne fornuftige løysingar. Eg trur me saman skal peika på det vedlikehaldsbehovet som er ved ein nasjonalskatt som dette, seier han.

🏷️ Extracted Entities (12)

Riksantikvaren Hamardomen (person) Hamar (entity) Kaare Stang (person) Per Øyvind Riise (person) Anno Domkirkeodden (person) Innlandet 📁 (category) Museum 📁 (category) Anno Domkyrkjeodden (person) Domkyrkjeruinane (entity) KI-teneste (entity) Mjøsa (entity) OpenAI. Innhaldet (organization)

📊 Metadata

Category: Innlandet, Museum
OpenGraph Title: Domkyrkjeruinane i Hamar stengd etter at glasrute fall ned – uvisst når bygget blir igjen opna
Twitter Title: Domkyrkjeruinane i Hamar stengd etter at glasrute fall ned – uvisst når bygget blir igjen opna