Herold

Dagen derpå: – Ikkje sikkert me har feila

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Halvor Farsund Storvik Published: 2025-12-21 10:41:05
Dagen derpå: – Ikkje sikkert me har feila

Ho og styret fekk beskjed om å setta fart. Ingen kan skulda dei for å ikkje levera på akkurat det.

– Me må erkjenna at det er opp til kvart enkelt kommunestyre å bestemma kva ein skal vera med på og ikkje, seier Siri Fahlvik Pettersen fredag, dagen etter at kommunestyra i Sogn har sagt sitt om samarbeida ho har gått i bresjen for.

Som heilt fersk kommunedirektør i Vik vart Pettersen for eit år sidan valt som ny leiar for Sogn kommunale oppgåvefellesskap. Ho vart møtt med tydelege forventingar i rolla.

– Det klare oppdraget var å setja fart på arbeidet. Beskjeden var at det gjekk for tregt. Så me skulle finna dei lågthengande fruktene og koma i gang, seier Pettersen.

Fruktfatet vart servert til politikarane no i desember, men då var det ikkje alle som ville ha.

Mest grønt

I mai vart Torgeir Skålid tilsett som tenesteutviklar, noko KO-leiaren peikar på som avgjerande for at dei kom så langt som dei trass alt gjorde i 2025.

*Og som tabellen viser vart det ein overvekt av positive vedtak då sognekommunane i desember skulle ta stilling til dei fire første samarbeida. *

Smartembed for https://datawrapper.dwcdn.net/Ewurg/1/ .

Det er likevel Sogndal sitt tydelege nei til Nav-samarbeid dei fleste vil hugsa.

At dei som vertskommune heller ikkje er udelt positive til å sleppa fleire kommunar inn i Sogn barnevern skapar uvisse òg om det samarbeidet.

For tidleg å konkludera

Pettersen vedgår at utfallet ikkje vart heilt slik ho hadde håpa, eller trudd.

– Min refleksjon er at me kanskje må ta ein fot i bakken. Stilla oss sjølve spørsmåla: kor er me og kor skal me? Eg meiner det har mykje føre seg å få til gode interkommunale samarbeid òg på fleire område. Men me må ta lærdom av prosess og ta ein avsjekk politisk om me kanskje har hatt for store ambisjonar. Det er alltid noko å læra, seier ho.

Det som overraska ho mest, var den avventande haldninga i Sogndal til ei utviding av barnevernet.

– Dei er allereie vertskommune for tre kommunar, no skal me invitera inn tre andre. Eg håpar at det berre er snakk om å ta ein fot i bakken, få gjort dei ros-analysane, og at dei framleis ønskjer å vera ein vertskommune for eit felles barnevern i heile Sogn.

– Kunne de vore tydelegare på at val av vertskommune skulle skje allereie i denne runden?

– Dette er ferskt, så me må setja oss ned og sjå i bakspegelen. Kva var bra, kva har me fått til og kva kan me læra av.

Framleis optimist

– Så du meiner det er for tidleg å peika konkret på kva som gjekk gale?

– Ja, eg synst det. For det var ulike ting i dei ulike kommunane, seier Pettersen, og viser til barnevern var ei krevjande sak i Årdal, trass det positive vedtaket, medan Nav skapte størst motstand i Vik og særleg Sogndal.

– Kanskje har me ikkje feila heller, for det ligg til grunn for Sogn KO at me skal søka samarbeid der det er nyttig og at kvar kommune skal bestemma. Det er ingen tvang, men dei kommunane som ønskjer, dei finn saman.

Ho har i utgangspunktet eitt år att både som kommunedirektør i Vik og som leiar i Sogn KO. Såleis får ho tid til å presentera enno fleire samarbeid, om viljen framleis er der.

– Eg er framleis optimist, men nokre refleksjonar gjer eg meg, sjølvsagt.

🏷️ Extracted Entities (8)

Sogn KO. Såleis (organization) Siri Fahlvik Pettersen (person) Sogndal (place) Vik (place) Nav (entity) Sogn KO (organization) Torgeir Skålid (person) Årdal (place)