Lokal forfattar på toppliste
Plus
«Vaflar med chili og sitron» suste inn på ein 5. plass på bestseljarliste.
Det er nettstaden bok365.no som melder at Arne Torget si diktbok «Vaflar med chili og sitron» er inne på ein 5. plass over dei mest selde lyrikkbøkene i november.
«Advent betyr høgsesong for poesien. Mange nye samlingar er komne inn på lista», står det å lesa på nettstaden.
Etter Torget gav ut diktsamlinga «Globoid. Humørpillar på blå resept – sjukdomar frå a til tå», som var hans tredje på tre år, hadde karen frå Husnes eigentleg ikkje nokon plan om å gi ut ei til i 2025.
– Etter tre på tre år så har eg funne roa, og no skal eg kvila, sa han til Kvinnheringen i oktober 2024.
Nyeskulen fekk overrekt stor verktøypakke: – Her skal dei som ikkje er teoretikarar få skina
Sur
Eitt år seinare måtte stuntpoeten svelgja dei orda, for då stod han klar med «Vaflar med chili og sitron». Den fjerde diktsamlinga på berre fire år frå den smilande breibandsmannen.
– Det skulle eigentleg vera ei bok frå ein sur gubbe, noko eg fortalde til ein av mine trufaste vener. Då fekk eg beskjed om at det ikkje passar deg å vera sur, Arne, for du er så hjartevarm og god. Og då blei eg litt sur av deg òg, sa Torget då Kvinnheringen skreiv om diktsamlinga i juni i år.
Boka, som er full av hjartegode dikt med sting, har slått an. Og med ein 5. plass på novemberlista, er Torget i godt selskap.
«Takk til alle som har kjøpt boka. 5. plass på lyrikklista i november er stas. Saman med poetar eg set stor pris på. Sprei ordet og kjøp lyrikk til jul. Alle har godt av å lesa gode diktbøker», skriv Torget på Facebook.
På toppen av lista ligg Hans Børli med boka «Hans Børlis beste dikt» frå 2010, medan Hans Olav Brenner er på andre plass med «Brenners beste».
Rapporten er klar: – Viser at vi gjorde det rette