Mann gav 125 millionar til heimbygda. I det stille blir enorme summar delt ut av norske stiftelsar.
Millionar til ei lita bygd og superbillige lÄn til prestar. I det stille blir enorme summar delt ut av norske stiftelsar.
Millionar dalar ned i skjul
Inst i ein fjordarm i Sogn og Fjordane ligg bygda Hyen. Her bur rundt 500 menneske.
Ei spinnvill historie skal ha det til at Kristofer Colombus vaks opp her. Det er hĂžgst omstridd.
Noko som ikkje er omstridd, er at Olav Hjorteset vaks opp i bygda. Han kom til verda i 1934.
Gjennom eit langt liv har han tent gode pengar pÄ bygg og eigedom. Og i 2022 valde han Ä gi tidenes fÞrjulsgÄve til heimbygda:
Ein formue verdt 125 millionar kroner.
FÞremÄlet med pengane er spesifikt: à skape liv og vekst pÄ den vesle staden.
â Eg valde Ă„ gjere det fordi eg er veldig glad i heimbygda mi, seier Olav Hjorteset til NRK.
Hyen. Med Colombusparken i forgrunnen.
Sjukehus og trÄkkemaskin
I Noreg har vi 6035 stiftelsar. Kvar og ein har mÄl om utrette noko bra her i verda.
Det finst stiftelsar for alt mogleg. Til dĂžmes:
- Norsk-japansk kulturutveksling (3 mill. i eigenkapital)
- Kristent ungdomsarbeid i BrĂžnnĂžy i Nordland (40 mill. i eigenkapital)
- Stiftelsen som driv forskingsinstituttet Sintef (3024 mill. i eigenkapital)
- Hjelp til heimlause kattar pÄ Nesodden (svÊrt lite i eigenkapital)
- Stiftelsen Kirkens Bymisjon (1062 mill. i eigenkapital)
Eigenkapitalen er tal frÄ 2023, som er dei ferskaste frÄ Stiftelsesregisteret.
Norske stiftelsar stÄr bak skular, sjukehus og museum. Dei gir husrom til trengande og deler ut pengar til trÄkkemaskinar, kreftforsking og spelemannslag. Dei er store og smÄ, gamle og nye.
Kva er ein stiftelse?
- Ein stiftelse er ein organisasjonsform, der pengar blir gjort tilgjengelege for eit bestemt fÞremÄl.
- Ingen stiftelsar har eigarar som tar utbytte. Ofte blir det sagt at «stiftelsar er eigd av fÞremÄlet sitt». . Ofte blir det sagt at «dei er eigd av fÞremÄlet sitt».
- Stiftelsar kan vere sÄ mangt. Det kan vere nÊringsdrivande stiftelsar, aktivitetsstiftelsar eller reine utdelingsstiftelsar.
- I Noreg har vi over 6000 stiftelsar. Rett under halvparten er utdelingsstiftelsar.
- Ein stiftelse har ofte langsiktig perspektiv. Pengane skal ikkje bli skusla bort, men forvalta godt i trÄd med fÞremÄlet.
- Det er ei eiga lov for stiftelsar. Noreg har eit stiftelsestilsyn som skal sÞrge for at stiftelsar tener fÞremÄla sine.
Men berre éin stiftelse har kjÞpt nye kaffikoppar til ein avsidesliggande leirstad i Hyen: Aud og Olav Hjortesets alminnelege stiftelse.
Mange har gode minne frÄ leir pÄ Nesholmen.
Nesholmen leirstad ligg vakkert til. Heile 17 bygningar er registrert pÄ eigedommen, men nyaste er 40 Är gammal. Behovet for vedlikehald er enormt.
DÄ sjefen pÄ leirstaden hÞyrde om Hyen-stiftelsen fÞrste gong, var ho beskjeden. Kanskje kunne dei fÄ pengar til litt elektrikararbeid, tenkte ho.
Men styreleiaren i stiftelsen bad dei trykkje til. Til no har dei fÄtt 2,3 millionar kroner, og meir skal det bli.
â Det er heilt fantastisk, seier leirstad-sjef Anne Berit Selle.
Leirstaden har fÄtt nytt system for brannvarsling, nye bad, ny plenklippar og nye kaffikoppar. Mellom anna.
Ho ringte til Olav Hjorteset for Ä takke. Men den gamle mannen var meir oppteken av Ä takke ho, for jobben ho gjer pÄ leirstaden.
LÄn frÄ 300 Är gammal enkekasse
Stiftelsar har lang historie i Noreg.
Var du rik og hadde eit snev av samfunnsÄnd, sÄ oppretta du ein stiftelse i gamle dagar. Ofte kalla legat eller fond.
Dette var tida fÞr velferdsstaten. Folk kunne finne pÄ Ä opprette eit legat for Ä hjelpe «trengende ukonfirmerte farlÞse barn, fÞdt i legitimt ekteskap i Nykirkens og Sandvikens menigheter i Bergen».
Eller «ugifte kvinner av Oslo, som lider av uhelbredelig ryggradskrumming eller annen stÞrre ryggradsfeil».
Det er ei svunnen tid.
I 1732 vart «Akershus stifts geistlige enkekasse» oppretta. Den skulle hjelpe prestekoner frÄ Austlandet som hadde mista mannen sin.
Denne enkekassa kan umogleg halde pÄ framleis?
Eller?
Jau dÄ. Dei held det gÄande. Med 8 millionar kroner i eigenkapital.
Eit knippe etterlatne ektefellar fÄr pengar frÄ enkekassa: 24.000 kroner i Äret, ifÞlge domprosten i Oslo, PÄl Kristian Balstad.
Men enkekassa held ogsĂ„ pĂ„ med noko anna: Prestar pĂ„ Austlandet kan ta opp lĂ„n â pĂ„ inntil 350.000 kroner. Med rente pĂ„ berre 3 prosent.
â Det er eit gunstig lĂ„n, seier Balstad.
Domprost PÄl Kristian Balstad er styremedlem i Akershus stifts geistlige enkekasse.
Dette er ikkje noko dei gÄr hÞglydt ut med. Enkekassa har ingen fancy nettside eller instagram-profil. I dag har stiftelsen knappe 18 lÄntakarar.
Balstad er styremedlem i stiftelsen fordi han mĂ„ â domprosten i Oslo skal alltid vere i styret.
Han trur nok at stiftelsen vil endre seg etter kvart. Som han sjÞlv seier: «Det opplevast ikkje like relevant» med ein enkekasse for prestar i dag som i 1732.
Ukjent antal milliardar
Ingen veit nÞyaktig kor mykje norske stiftelsar deler ut i lÞpet av eit Är. For nokre Är sidan var anslaget pÄ 7 milliardar.
Det er truleg betydeleg hÞgare no. Dei om lag 50 sparebankstiftelsane deler aleine ut rundt 5 milliardar kroner Ärleg.
Ti rikaste stiftelsar
- Gjensidigestiftelsen: 44,4 milliardar
- Olav Thon stiftelsen: 25,5 milliardar
- Sparebankstiftelsen DNB: 20,6 milliardar
- Sparebankstiftelsen Hedmark: 6,3 milliardar
- Sparebankstiftelsen SR-Bank: 5,3 milliardar
- Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge: 4,6 milliardar
- Stiftelsen Hans Rasmus Astrup: 4,4 milliardar
- Stiftelsen Fritt Ord: 3,6 milliardar
- Stiftelsen Sintef: 3 milliardar
- Forskingsstiftelsen JBF: 2,8 milliardar
Kjelde: Stiftelsesregisteret. Eigenkapitalen er frÄ 2023. Dette er dei nyaste tala frÄ registeret.
Stiftelsane mÄ levere rekneskap kvart Är, men dei har ikkje plikt til Ä rapportere kor mykje dei deler ut.
â Med tal frĂ„ 2020, veit vi at stiftelsane sitt samfunnsbidrag er om lag 1,5 prosent av bruttonasjonalprodukt, seier Karianne BjellĂ„s Gilje, dagleg leiar i Stiftelsesforeningen.
Foreininga representerer omtrent 600 av dei stĂžrste og mest aktive stiftelsane i landet.
Stundom kjem kritikk mot norske rikfolk for at ikkje fleire vier formuen sin til allmennyttige fÞremÄl. Det har vore vanlegare i Danmark og Sverige.
Dei har Wallenbergstiftelserna, Carlsbergfonden og Novo Nordisk fonden, aktĂžrar som er enormt innflytelsesrike innan forsking og teknologi.
Av verkeleg store kapitalistar i Noreg er det stort sett berre Olav Thon som har organisert eigarskapet til verksemda som ein stiftelse i moderne tid.
â Vi har litt annan tradisjon i Noreg enn Sverige og Danmark, men det er veldig viktig Ă„ framheve det vi har. I nyare tid har til dĂžmes Nicolai Tangen bidratt til oppretting av Stiftelsen Kunstsilo, for Ă„ nemne eit eksempel, seier BjellĂ„s Gilje.
Dei om lag 50 sparebankstiftelsane er store utdelingsstiftelsar, og alle er oppretta dei siste 20 Ära.
â Dei bidrar stort til allmenn nytte over heile Noreg. Vi har eit veldig stort mangfald av mellomstore stiftelsar, seier BjellĂ„s Gilje.
Den smale sti fĂžrer til Hyen.
Uansett. Viss nokon treng inspirasjon:
I Oslo sit Olav Hjorteset, der han har budd det meste av livet. à opprette ein stiftelse «var det mest fornuftige Ä gjere», ifÞlge han sjÞlv.
â Dei som har mottatt stĂžtte, har vore veldig takknemlege. SĂ„ det gir jo meg ogsĂ„ veldig mykje, seier han.
â Det er jo eit stort problem pĂ„ bygdene at dei blir avfolka. Eg ser det som ein veldig trist affĂŠre viss det skal gĂ„ den vegen med Hyen. Derfor ville eg hjelpe til sĂ„ godt eg kunne.