Herold

Frykt for å miste politisk styring?

Plus
Kilde: HF Author: Toralv Mikkelsen, tidlegare ordførar i Odda kommune Published: 2025-12-20 23:17:00
Frykt for å miste politisk styring?

Dei folkevalde innom ulike sektorar har delegert vel mykje til administrasjonen v/rådmannen. Dette kan kommunestyret derimot gjera noko med, ved seinare rullering av delegeringsreglementa.

I HF 28. november har Vidar Våde eit debattinnlegg om politisk styring av Odda kommune og seinare Ullensvang kommune. Som tidlegare ordførar i Odda kommune vel eg berre å kommentera den kritikken som er relatert til gamle Odda kommune.

Detaljar frå samanslåinga av Energiselskapet Odda AS til Haugaland Kraft AS kjenner eg i mindre grad til, men ser sjølvsagt kva Vidar Våde vil ha fram med tanke på å gje frå seg politisk styring.

Vidar Våde seier at det i hans tid i kommunestyret skjedde gradvis at fleirtalet av dei folkevalde gav frå seg makt. I eit tidlegare innlegg i HF (som eg ikkje har lese) så seier debattanten Våde at det er ein samanheng mellom privatisering og at politikarar gjev frå seg makt. At staten ikkje tilgodeser kommunane med høge nok rammetilskot er vi alle samde om. Det vi derimot ikkje er samde om er at dette har vorte verre med åra.

La oss kanskje likevel vera samde om at det nyss vedtekne statsbudsjettet for 2026 har vesentlege høgare rammer for 2026 og dei tre påfølgjande budsjettåra. Dette budsjettet har i særleg grad Sp og Raudt vore med å meisla ut saman med Ap i regjering. Dette er positivt å ta med seg inn i 2026.

Det som for mange ikkje er lett å forstå at dei same tre partia ikkje klarar å ha eit budsjettsamarbeid lokalt. I høve til fylkeskommunale- og statlege myndigheiter trur eg det ville vore klokt. Kanskje partiet Raudt ser det ønskjeleg og vil helst vera i opposisjon?

At Odda kommunale e-verk som vart etablert i 1916 vart omdanna til eit AS i 1996 var etter mi meining ei rett politisk handling (når ein er 80 år er det på tid å sjå seg sjølv i spegelen). Kommunen hadde likevel full kontroll over selskapet som 100 prosent eigar og med tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Leiv Stensland som styreleiar.

Eg hugsar ikkje at vi i formannskapet hadde ein debatt om det var mogeleg å få på plass lågare straumprisar for lokale pensjonistar. Eg hugsar derimot godt at Raudt med sine tre representantar røysta mot at oppretting av Odda Energi AS. Grunngjevinga var truleg frykt for å mista politisk styring?

Om eg ikkje hugsar feil så fekk Raudt éin styreplass og hadde såleis fast plass i styrerommet. Dette er meir enn indirekte kontroll, sjølv om ordføraren etter fullmakt frå kommunestyre møtte åleine i generalforsamlinga. Når det gjeld eventuell manglande politisk styring i Ullensvang kommune i dag, så har eg som vararepresentant til kommunestyret gjort meg nokre refleksjonar om at dei folkevalde innom ulike sektorar har gjeve frå seg (delegert) vel mykje til administrasjonen v/rådmannen.

Dette kan kommunestyret derimot gjera noko med ved seinare rullering av delegeringsreglementa.

Politisk styring?

🏷️ Extracted Entities (9)

Odda Energi AS. Grunngjevinga (organization) Raudt (entity) Vidar Våde (person) Haugaland Kraft AS (organization) Ullensvang (entity) Ap (entity) Energiselskapet Odda AS (organization) Leiv Stensland (person) Sp (entity)