Stinn brakke på Kveldsete: Fekk fram både gapskratten og godkjensla
Plus
Eit gjensyn med talkshowet til Karl Ystanes og Magnus Opedal, Kveldsete, var tydeleg etterlengta. Dei 110 billettane forsvann i ein fei. Med inviterte gjester, musikarar, rubbel og bit fylte kring 140 personar Lofthus Ekspedisjon til siste stol. Kjenner du ikkje til konseptet? Slik formulerer vertane seg: «Kveldsete er attende, etter seks år i opplag. Nye glimt, nye gjester, nye dressar, eit par gamle kostar. På Lofthus Ekspedisjon, 19. desember, klokka 20. Med Magnus Opedal og Karl Ystanes». Me fekk nokre rike kveldstimar med latter og fengande musikk i lokal innpakking. Mange aktørar var i sving, og Opedal og Ystanes sydde det heile saman på framifrå vis! Ideen om å ta opp att Kveldsete kom i samband med at Lofthus Ekspedisjon fyller 20 år. Skjenkestova opna nemleg døra og kranane for første gong i desember 2005. Knut Opedal, Fredrik Opedal, Harald Alvavoll og Ivar Tveito Eidnes stod bak etableringa og la ned ein enorm innsats. Allereie den gong kalla Hardanger Folkeblad konseptet den mest gjennomførte utestaden i fjorden – og det med rette! I heile si levetid har Ekspedisjonen tiltrekt seg alle årsmodellar; gjerne til konsertar, quizar, feiring av åremålsdagar eller som senter for Morellfestivalen. Like viktig har det vore for Ekspedisjonen å halda på prinsippet om å ha ope på ein vanleg fredag og laurdag i november.