Herold

Tre budsjett til Askepott

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2025-12-20 17:00:00
Tre budsjett til Askepott

I den tsjekkiske julefilmen Tre nøtter til Askepott får heiltinna tre magiske nøtter som skal hjelpe henne å vinne både prinsen og kongeriket. Det kan hende politikarane i Kinn kommunestyre òg kunne ønskje seg nokre magiske nøtter for å få kontroll på kommuneøkonomien. I mangel av noko betre måtte dei nøye seg med tre budsjett.

Kor magiske dei var, kan ein diskutere.

*Høgre, Arbeidarpartiet, *SV, KrF og Senterpartiet fann saman i november og fekk fleirtal i formannskapet for sitt budsjettframlegg. Raudt sitt alternative budsjett nådde ikkje opp der. Før det avgjerande møtet i kommunestyret kom også Framstegspartiet med sitt budsjett. Dermed låg det tre ulike forteljingar på bordet.

At det til slutt var fleirtalet sitt budsjett som vart vedteke, overraska ingen. Det er denne glasskoen kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen må gå i det neste året. Han er trong, men han var den som passa best.

Kommunestyret har sagt sitt. Budsjettet er vedteke med 23 mot 16 stemmer. Kommentaren kjem for seint til å påverke utfallet, men ikkje for seint til å stille spørsmålet:

Kva slags eventyr er det Kinn no har lagt ut på – og kva for nokre har vi valt vekk?

Dei store skiljelinjene i budsjetta går langs to aksar: skulestruktur og økonomisk risiko. Fleirtalet strammar inn og førebur strukturelle endringar. Skulane på Raudeberg og Krokane blir lagde ned. Raudt og Frp vil skjerme skular og barnehagar ved å finne pengar andre stader, men med svært ulike metodar.

*Fleirtalet sitt budsjett *er trygt og traust. Det ligg tett på kommunedirektøren sitt framlegg og har lite rom for eventyr. Ingen slottsball og ingen forheksa graskar. Her handlar det om balanse, kontroll og risikobufferar. Samstundes er dei mest kontroversielle kutta mjuka opp: Det blir ikkje reduserte opningstider i SFO, barnehagane blir ikkje feriestengde, og nokre meir eller mindre symbolske satsingar får leve vidare.

Her er det lite magi. Det er pølse med brød, men ingen bensinstasjon – for å sitere juleforestillinga til ungdomsskulen tidlegare i veka. Festen kunne vore betre, men det er i det minste ingen som kjem og sløkkjer lyset klokka tolv.

Raudt sitt budsjett er heller ikkje magisk, sjølv om det stundom tek i bruk ei form for magisk tenking for å gå i hop. Her blir barnehagar, skular og SFO skjerma, og skulenedleggingane stoppa. Prisen er at nesten alle økonomiske tryggleiksnett blir fjerna. I tillegg byggjer budsjettet på svært optimistiske føresetnader om framtidige inntekter, mellom anna ved å budsjettere med 13,7 millionar kroner meir i rammetilskot kvart år, basert på ei forventing om at staten vil løyve meir pengar til kommunane.

Eit budsjett for dei som trur på eventyr?

Framstegspartiet hadde same mål som Raudt: å hindre at skulane på Raudeberg og Krokane blir lagde ned. Men der Raudt satsar på staten, satsar Frp på effektivisering. I deira budsjett er det administrasjonen som skal ryddast vekk, med lovnader om digitalisering, kunstig intelligens og eit administrativt innsparingsprogram på ti millionar kroner i året. Også her ryk kommunen sine risikobufferar, og fleire investeringar blir utsette eller fjerna.

Tryllestaven verka ikkje denne gongen heller.

Oppsummert er skilnaden mellom budsjetta mindre romantisk enn eventyret dei er kalla opp etter. Fleirtalet har valt det mest økonomisk forsiktige alternativet, men betalar ein politisk pris i form av sentralisering og skulenedlegging. Raudt og Frp leverer protestbudsjett som reddar skulane på papiret, men gjer det ved å fjerne kommunen sine økonomiske sikringsnett.

For å bruke ein meir kvardagsleg analogi: Fleirtalet har bestemt seg for å selje den eine bilen og stramme inn for å betale rekningane. Frp vil behalde bilen, men seier opp forsikringa og satsar på at dei kan spare pengar gjennom å handle smartare og billegare . Raudt vil også behalde bilen, seier opp forsikringa – og budsjetterer med at sjefen kjem til å gi lønnsauke neste år.

🏷️ Extracted Entities (14)

Askepott (entity) Frp (entity) Kinn (entity) Krokane (entity) Raudeberg (place) Raudt (entity) SFO (entity) Arbeidarpartiet (entity) Framstegspartiet (entity) KrF (entity) SV (entity) Senterpartiet (entity) Tre (entity) Øyvind Bang-Olsen (organization)