Herold

Vil ha obligatorisk registrering for fritidsbåtar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2025-12-20 16:00:00
Vil ha obligatorisk registrering for fritidsbåtar

Viktig for å unngå miljøskade ved dumping av båtar, meiner Regjeringa.

Det er også viktig for sjøtryggleik og bekjemping av kriminalitet.

Det er anslått at det er over ein million fritidsbåtar i Norge, og at rundt 5000 blir seinka ulovleg kvart år. I dag er det vanskeleg å finne eigarane og stille dei til ansvar.

Med obligatorisk registreringsplikt veit vi kven som eig båten, og det blir mindre attraktivt å dumpe den. Om båtar då havnar på avvege kan eigar haldast ansvarleg for oppryddinga.

– Ulovlig dumping av båter trugar miljøet i Oslofjorden og langs resten av kysten vår. Ei obligatorisk registreringsplikt er eit viktig tiltak for å redusere desse miljøproblema, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Alternativ finansiering frigjer statens pengar

Miljødirektoratet får også i oppdrag å utgreie alternative finansieringsmåtar for ordninga knytt til kasserte fritidsbåtar. Den blir i dag dekka over ei statleg finansiert tilskotsordning.

– Den har sikra at over 80.000 kasserte båtar har fått forsvarleg handtering. Ei alternativ finansiering kan frigjere statens pengar til andre viktige føremål, og bidra til at ordninga blir drifta meir i tråd med prinsippet om at den som forureinar, betalar, sier klima- og miljøministeren.

– Vi ønskjer også å innføre obligatorisk registreringsplikt for alle næringsfartøy, og å seinke grensa for frivillig registrering av fritidsbåter i NOR frå 7 til 4,5 meter. Det er viktig for å vareta sjøtryggleiken på dei mindre næringsfartøya, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Forslaget betyr at alle næringsfartøy må registrerast og vil gjere det mogleg for Sjøfartsdirektoratet å føre tilsyn.

Mogleg med fleire register

Ei obligatorisk registreringsplikt opnar for fleire register og føreset ikkje oppretting av éitt offentleg drifta register for fritidsbåtar. Kontroll av registera, utforming, innbetaling og korleis myndigheitene får tilgang til data vil bli nærare utgreidd av Sjøfartsdirektoratet og Miljødirektoratet.

Når det gjeld forslaga knytte til pliktig registrering av næringsfartøy og frivillig registrering av fritidsfartøy i NOR, krevst det endringar i regelverket. Det vil bli gjennomført ein ordinær lovgivningsprosess, inkludert offentleg høyring, der berørte aktørar kan komme med innspel.

Slike planar har vore lufta tidlegare, og då melde Florø seg på i kampen for å få småbåtregisteret hit. Sist Firdaposten skreiv om temaet, fortalde Vidar Ulriksen, som var Aksello sin lobbyist for saka, at Regjeringa først må bestemme seg for om dei faktisk vil opprette eit slikt register. Det kan det sjå ut som dei har gjort no.

Får ikkje møte statssekretæren om småbåtregisteret

🏷️ Extracted Entities (12)

NOR (entity) Regjeringa (entity) Sjøfartsdirektoratet (entity) Aksello (entity) Andreas Bjelland Eriksen (person) Florø (entity) Marianne Sivertsen Næss (person) Miljødirektoratet (entity) Norge (entity) Oslofjorden (entity) Sist Firdaposten (person) Vidar Ulriksen (person)