Herold

Lokal førjulskonsert i Hensåsen Kyrkje

Plus
Kilde: Valdres Author: Solbjørg Kvålshaugen Published: 2025-12-20 14:50:00
Lokal førjulskonsert i Hensåsen Kyrkje

Fjellblom Musikklag og Vangskoret sto for konserten i Hensåsen Kyrkje onsdag denne veka, akkurat ei veke før juleftan.

Meir enn 100 personar hadde funne vegen til Hensåsen for å lytte til julemusikk og julesong, og programmet sytte for at dei frammøtte fekk juble med på fleire kjente og kjære allsongar.

Dei kunne glede seg over både Julekveldsvisa av Prøysen, Nå tennes tusen julelys av svenske Emmy Köhler og Jeg er så glad hver julekveld av Marie Wexelsen og Peder Knudsen frå 1859. Tenn lys og Det lyser i stille grender var så klart også med på programmet.

Konserten blei innleia av Fjellblom Musikklag under leiing av Jostein Hillestad med ein mektig versjon av Deilig er den himmel blå – melodien komponert av Jacob Gerhard Meidell i 1853.

Deretter gjekk det lett og friskt vidare med Det er jul og Rudolf er rød på nesen før Vangskoret under leiing av Elvira Rud leverte englekorsong frå galleriet i Hensåsen Kyrkje.

Dei starta med Stille natt, eller Stille Nacht på originalspråket, komponert av austerrikaren Franz Xaver Gruber 1818. Salmen er mest kjend som Glade Jul her i Noreg og er truleg den mest utbreidde julesalmen i verda, oversett til 320 språk.

Under 1. verdskrigen sto tyske og engelske soldatar på kvar sine skyttargraver og song Stille Nacht og Silent night på den siste juleftan av krigen – og det var våpenkvile.

Vangskoret leverte i tillegg både julesalme skriven av Martin Luther i 1535 og nyare salmar.

Men det var gospelen Go tell it on the mountain med dirigenten nede i skipet og koret på galleriet som fekk stemninga til kokepunktet, for her vart publikum dirigerte med til klapping i beste nyårskonsert-radetzkymarsj-stil. Alistair Peters spilte med på orgelet.

Elvira Rud sa til publikum at ho har lyst til å høyre korleis Vangskoret læt her nede, og at publikum kan gjerne klappe litt ekstra fordi ho måtte opp igjen på galleriet for å dirigere ein song til. Ho takka Alistair Peters som var med på orgelet, og for publikum som var med i denne flotte kyrkja.

Dei varaste og mest kjenslevare nummera sto solistane for: Reidun Porten framførte Kyrie Eleison på trompet saman med Fjellblom til gåsehud og klump i halsen. Kristina Hensåsen fekk meir enn ei tåre til å trille med si inderlege tolking av Himmel på jord saman med Fjellblom.

Og Kyrkja i Vang sin nytilsette organist Kateryna Persysta framførte Pastorale presist og med stor innleving.

Det vart ei inderleg fin stund, og etter å ha jubelsunge Deilig er jorden så det runga i Hensåsen Kyrkje somla dei frammøtte seg heimover, fylt av musikken og gleda dei hadde delt denne kvelden.

No kan julefreden kome.

🏷️ Extracted Entities (28)

Hensåsen Kyrkje (person) Fjellblom Musikklag (person) Stille Nacht (person) Vangskoret (entity) Alistair Peters (person) Deilig (entity) Elvira Rud (person) Emmy Köhler (person) Franz Xaver Gruber (person) Glade Jul (person) Go (entity) Himmel (entity) Jacob Gerhard Meidell (person) Jostein Hillestad (person) Julekveldsvisa (entity) Kateryna Persysta (person) Kyrie Eleison (person) Kyrkja (entity) Marie Wexelsen (person) Martin Luther (person) Noreg (entity) Pastorale (entity) Peder Knudsen (person) Prøysen (entity) Reidun Porten (person) Rudolf (entity) Silent (entity) Vang (entity)