Spreidde tankar omkring Åskårsreia, trolldom, overtru og jolefeiring
Plus
Etter gamal tru var jolehøgtida mørkemaktene si tid, men trollskap og overtru har me kvitta oss med, og me trur ikkje lenger på åskårsreia og dei underjordiske, men for borna sin del må me framleis halda liv i nissen.
Denne jola kan folk i Odda bisna både verdas høgste joletre og Noregs vakraste stavkyrkje i flaumljos med andreaskrossar og gapande drakehovud. Etter gamal tru er dei der ikkje berre som staffasje, men og for å skremma bort «vonde vette».
Sidan me i dag ikkje trur på slike ting lenger og heller ikkje på åskårsreia, ja, knapt nok veit kva det er, så søkjer me litt hjelp hjå Wikipedia. Det var nemleg daudingar, gravlagde utanfor kyrkjegardsmurane, og som ikkje fann sjelefred. Dei drog med mykje ståk rundt i sjølvaste julenatta på leit etter mat og drykk. For å sleppa slike ubedne gjester måtte folk låsa stabburet godt og måla krossar på dørene til fjøs og flor, elles kunne dei mangla småfe neste morgon. Dette var noko folk trudde på, og måtte leva med i alle mørke og trasige periodar av livet.
Kari frå Odda var «det vondaste menneske i Hardanger». No kjem forsvarstalen
No er boka til professor Jørn Øyrehagen Sunde i handelen: «Forsvarstale for eit vondt menneske». Det er ei interessant bok frå 1600- og 1700- talet som syner kor sterk overtrua sat i folket både med trolldom og underjordiske, utruleg nok har mykje av det han skriv hendt her i fjorden og i næraste området. Det er ei godt underbygd bok. Han har lese seg gjennom rettsprotokollar og tingbøker både i Hardanger, Sunhordland og Bergen og kan visa til 467 notar og kjelder. Med bakgrunn i levekår og folketru på 1700- talet skriv han ei truverdig skildring av Kari Knutsdatter frå Odda sitt liv og skriv ei forsvarstale for henne.
Kari Knudsdatter, som etter folkesnakket kom til å få klengenamnet Karmannskari, var både fødd og oppvaksen i Odda, og fekk ei gripande og mest vantru soge. Dødsdomen fekk ho vita i tinghuset på Utne etter rettssaker som hadde teke mest 10 år. Domen vart stadfesta og oppretthalden av Overhoffretten i København og seinare av Høgsteretten i Norge. Domen lydde: Kari Knutsdatter skal knipast med glødande tenger og avhoggast høgre hand før hovudet og begge deler setjast på stake. Kroppen skal parterast og leggjast på steile og hjul. Leivningar skal gravleggast på rettarstaden. Rettarstad: Tingvika på Utne.
I si forsvarstale gjev Jørn Øyrehagen Sunde bygdefolket ein god del av skulda for hennar liv og lagnad. Overtru, mistru og trolldom levde framleis på 1700-talet. Det gjorde det og om lag hundre år seinare då Helga Mikkelsdotter Almærke, òg frå Odda, fekk sin dom. Ho kom frå trasige og tronge kår på Seljestad, men kom til å bu på Almerket i Odda det meste av si levetid si og livnæra seg og ungane med tigging.
Men tigging var strengt forbode, og i tillegg hadde ho sagt stygge ord både om lensmann og prest. Dei var etter henne til alle tider. Domen til sorenskrivaren på Hesthamar var hard og klår; Fengsel på Halsenøy kloster i tre dagar eller ein time i gapestokk på ein preikesundag. Etter tvil valde ho gapestokken, for ho trudde det ville vekkja mest medkjensla i folket, som det òg gjorde.
Preikesundagen den 16. juni 1845 stod Helga Mikkelsdotter Almærke med jarnklave rundt halsen på kyrkjebakken i Odda mens kyrkjeklokkene ringde og kyrkjelyden sat i kyrkja og bad. Gapestokken i Odda var den siste i bruk i Norge, og ikkje så langt borte frå oss i tidsperspektiv. Det var ei hard straff og gapestokken vart forboden i heile Skandinavia kort tid etter, men det er likevel ein mørk flekk i Hardanger si soge.
Eg minnest godt dei fem åra med streng mørketid, fem triste år med krig og okkupasjon. Eg budde då med far og mor og sysken i eit gamalt klyngetun der husa stod så tett at dei mest stødde kvarandre. Det var påbod med blendingsgardiner for vindaugo i alle hus der det budde folk, og utelampar vart òg bort. Ei ljosstrime ut frå eit hus var terapi, for det tyda på at der var liv. På andre sida av fjorden var det heilt mørkt. Om me såg ei ljosstrime der var det nok ei fjøslykt som lyste folk til flor og fjøs. Eg hugsar den eine vinteren var så kald at heile Sørfjorden fraus til, med så sterk is at det hindra all båttrafikk og lastebilar køyrde frå Hovland til Bleie og Nå. Tyskarane freista skyta råk med dynamitt, men kom ingen veg sjølv om dei hadde både uniform og gevær.
På gamle primstavar er jola merka av med eit drikkehorn. Sjølv om jol i eldre tider og skulle vera ei ljosfest så drakk dei jol. Dei store St Olavs gilde i høgmellomalderen var drikkefestar der dei drakk til æra for og til minne om dei heilage. Alkohol ser ut for å fylgt jolefeiringa meir og mindre i alle år, men jolefeiring har endra seg heile vegen, også når det gjeld dette me drikkekultur. Etter gamal tru var jolehøgtida mørkemaktene si tid, men trollskap og overtru har me kvitta oss med, og me trur ikkje lenger på åskårsreia og dei underjordiske, men for borna sin del må me framleis halda liv i nissen.
Jolekorta si tid er òg forbi. Me får ikkje fargerike kort med nissar på i postkassane lenger. No kjem helsingane gjennom SMS. som ikkje gjev så mykje kjensle av jol. I jolekorta sin barndom, det vil seia sist på 1800-talet, tok dei vare på jolekorta. Eg har ein heil album med vakre kort etter oldemor mi, kort med vakre motiv utan nissar. Til alle tider og i alle år har folk hatt trong for ljos i dei mørkaste tidene av året. Dei som ikkje reiser til Cap Verde og Gran Canaria for å sjå sol kan gå til Europris og kjøpa ljos i metervis. Lange lekke laga i Kina, dei lyser bra opp både i hagar og på husfasadar.
Eg vil slutta dette vesle tankespranget med eit lite dikt om advent av Aslaug Vaa:
Og vetteren byd oss å stogga ei stund frå travle sut
*som fræet i skalet taka ein blund te kvila ut *
vente til dagen klårnar på, ny til solauga vaknar og bryt gjennom sky
- med jordi ho sviv og snur seg.*