Herold

Endeleg er Urnes verdsarvsenter finansiert!

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Jacob NĂždseth, fylkestingsrepresentant for Venstre Published: 2025-12-20 12:58:15
Endeleg er Urnes verdsarvsenter finansiert!

Urnes stavkyrkje var den fĂžrste norske innskrivinga pĂ„ UNESCO si verdsarvliste i 1979. Det er ei stor julegĂ„ve til ikkje berre Ornes, Luster og Sogn – men til verda – at vi sist veke endeleg fekk lĂžyvd midlar i fylkestinget til Ă„ ferdigstille verdsarvesenteret.

Det er pÄ hÞg tid!

Urnes stavkyrkje er datert til kring 1130, og er ei av dei best bevarte stavkyrkjene i landet. Sérleg treskjeringarbeidet og den omfattande innvendige dekoren gjer kyrkja heilt unik av dei stavkyrkjene vi har att. Eit fortidas smykke, som vi kan glede oss over i notida – og i framtida.

Dei som har arbeidd for prosjektet med eit nytt verdsarvsenter over mange Är fortener stor ros for pÄgangsmot og engasjement. SjÞlv har eg vore tett pÄ prosjektet dei siste to Ära i mi rolle som hovudutvalsleiar for kultur i Vestland fylkeskommune. Eg kjenner pÄ ei stor takksemd for at vi har klart Ä skape eit solid politisk fleirtal i fylkestinget for Ä lÞyve dei resterande 16 millionane som mangla for Ä ferdigstille dette viktige prosjektet, i tillegg til det som tidlegare er lÞyvd.

I mai i Är, i 26 grader og strÄlande solskin, tok eg med meg hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune til Ornes, for Ä besÞke kyrkja og med sjÞlvsyn sjÄ staden der verdsarvsenteret no kjem. For meg var det eit spektakulÊrt gjensyn, for andre eit storslÄtt fÞrste mÞte. Landskapet og kyrkja viste seg frÄ si aller beste side.

Med finansieringa frĂ„ fylkeskommunen pĂ„ plass sikrar vi at alle som kjem til Urnes, uavhengig av vĂȘr, kan fĂ„ like storslĂ„tte mĂžte med vĂ„r ypparste kulturarv. Verdsarvsenteret betyr meir kunnskap og betre tilgjenge, utan Ă„ gĂ„ pĂ„ akkord med verneverdiane.

Det er ikkje gitt at dette vedtaket kom til, men for Venstre og samarbeidspartia i fylkestinget har det vore viktig Ă„ bĂ„de ha kulturpolitiske ambisjonar og vise handlekraft – i heile fylket vĂ„rt. Det er det som gjer Vestland til Noregs leiande kulturfylke.

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Urnes (place) Vestland (place) Ornes (place) Luster (entity) Noregs (entity) Sogn (entity) UNESCO (entity) Venstre (entity)