Har du fått bulka bilen? Då kan det hende politiet veit kven som gjorde det
Plus
Politiet har fått melding om at ein parkert bil blei pårygga i nærleiken av Thon Hotell i Måløy, fortel innsatsleiar i Sogn og Fjordane, Svein Inge Harberg til Firdaposten laurdag morgon.
– Det har vore eit innlegg om dette på Facebook, der nokon såg ein bil som rygga på ein parkert bil, ein BMW, opplyser han.
Han fortel at den som rygga er blitt identifisert, men det er derimot ikkje eigaren av BMW-en som blei treft.
– Så om nokon har ein slik bil som stod parkert der i går ettermiddag, kan det vere at politiet veit kven som gjorde det, tipsar han.
🏷️ Extracted Entities (7)
BMW
(entity)
Facebook
(entity)
Fjordane
(entity)
Måløy
(place)
Sogn
(entity)
Svein Inge Harberg
(person)
Thon Hotell
(organization)