Uvisst kva som skjer med dumpingplassen i Knarvik
Plus
Skrotet hopar seg opp like over Kvassnesstemma.
Om ein vandrar pÄ gangvegen ovanfor Kvassnestemma i retning RÞsvikdalen, kjem ein til ei bru over eit lite dalfÞre. Her har det i Ärevis blitt slengt ulikt skrot, og staden kan sende tankane til ein slags Kjevikdalen i miniatyr.
Desember 2025 er ikkje noko unntak. No ligg det sju handlevogner, ein stolpe frÄ stolpejakten, ein sparkesykkel, ein benk, ei TV-antenne, tomgods og anna sÞppel pÄ staden.
Leiar for MiljĂž og byggesak i Alver kommune, Eirik SĂŠtre, visste ikkje om dumpinga fĂžr Nordhordland viste han bilda. Men fenomenet kjenner han godt til.
â Dessverre skjer dette oftare enn ein skulle hĂ„pe. Og sĂ„ ser vi forskjell pĂ„ bevisste handlingar eller nĂ„r det er ungdomar som har det litt moro ein fredagskveld, seier han.
â Men det eine fĂžrer til det andre. Har nokon fĂžrst kasta noko, er det gjerne fleire som gjer det.
MĂ„ vurderast
SÊtre kan ikkje pÄ stÄande fot seie kva som vil skje med handlevognkyrkjegarden i Knarvik.
â Det blir ei prioritering pĂ„ kva ein skal bruke tid og kroner pĂ„. Ein vurderer forureningspotensial opp mot andre oppgĂ„ver.
Han fortel vidare at dei Þnsker Ä finne ut kven det er som har gjort dumpinga, og deretter pÄlegge dei Ä rydde opp. Samstundes erkjenner han at det kan bli utfordrande.
â Det er dessverre vanskeleg Ă„ finne ut av.
Dermed stÄr ein igjen med eit par alternativ:
â Dersom vi vurderer Ă„ fjerne det, blir det med vĂ„re eigne folk og dĂ„ er det skattebetalarane som betalar, seier han og legg til:
â I nokre tilfelle er det ikkje pengar eller kapasitet og dĂ„ er det naturen som blir lidande.
Ei anna lĂžysing er at grunneigarar eller naboar ordnar opp.
â Heldigvis er det mange som tek ansvar for Ă„ rydde i ting andre har kasta. Folk som bruker av eigen tid og ressursar pĂ„ dette. Det stĂ„r det stor respekt av.