Ein tunnel full av kjensler
«Full storm ved Stad» er ikkje sÄ lett Ä sette inn i ein kost/nytte-analyse.
Ein tunnel full av kjensler
«Full storm ved Stad» er ikkje sÄ lett Ä sette inn i ein kost/nytte-analyse.
Fiskarane hadde ikkje velsydde og kroppstilpassa vÄtdressar. Det var berre ei tynn fjÞl mellom liv og dÞd.
Kysttunnelen vil gje tryggare ferdsel langs kysten, og i Noreg finst det mange samferdselstiltak som gir lÄgare score pÄ samfunnsnytte.
Ap-regjeringa mÄ leggje meir av kjensler i vektskÄla i den vidare vurderinga av Stad skipstunnel.
LĂŠrdommen fra 1997
NÄr skal vi slutte Ä kjÞpe billig, kinesisk teknologi?
EU-smellen: Hvor gÄr Norge nÄ?
Regjeringen mĂ„ levere â vi forventer handling nĂ„
Debatt
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Vil eg fÄ i gong ein polariserande samtale i Oslo-gryta, sÄ er det berre Ä ymte frampÄ om at prosjektet Stad skipstunnel ikkje er sÄ galen ein idé.
DÄ mÞter vener og kjente meg med hovudristing. «Korleis kan det vere mogeleg Ä bruke offentlege pengar pÄ noko slikt. Det er jo sjÞlve symbolet pÄ offentleg slÞsing», er vanlege reaksjonar.
Nokre av dei som ristar pĂ„ hovudet, har sine rĂžynsler med Stadhavet. Flatt hav og dĂ„rleg seglver kan inntreffe ogsĂ„ der, men det er verkeleg «mot normalt» â som Leif Juster uttrykte det.
Eg vaks opp i dette omrÄdet, og veit kva det inneber nÄr Meteorologisk Institutt melder om «full storm ved Stad». KrÄkenes fyr like ved mÄler om lag hundre stormdagar i Äret, sÊrleg om hausten og vinteren.
Etter Ä ha budd i over 40 Är i Oslo, kjenner eg framleis otten for dei verste stormane og orkanane.
Stad er halvÞya som surfarar og andre friluftsentusiastar no reiser til for Ä oppleve hÞge bylgjer og kraftfullt ver. Verturismen er den eine sida ved tilvÊret, men det er ogsÄ ei anna.
Langt ute pÄ Stadlandet finn vi kyrkjegarden i Ervika. Den har rÞter tilbake til 1500-talet. Det er ikkje berre lokale folk som ligg gravlagt her, men mange omkomne etter talrike skipsforlis ved Stad.
Ikkje alle fekk ei grav pÄ land. Stadhavet er rekna som den stÞrste kyrkjegarden langs kysten.
Eit besÞk pÄ denne gravlunden, sÄ langt vest som ein kan kome i Noreg, er ei sterk pÄminning om kva folket langs kysten har levd med gjennom mange hundre Är.
Statuen av kvinna som stÄr og skodar ut over havet etter bÄten med ektefelle og kanskje fleire sÞner, gir eit realistisk bilete av kva folket hadde Ä streve med.
I motsetnad til dagens surfarar, hadde ikkje fiskarane velsydde og kroppstilpassa vÄtdressar. Det var berre ei tynn fjÞl mellom liv og dÞd. Kjenslene som kom i spel vart deretter.
«Vi er jo ikkje i 1749», uttalte ein redaktÞrkollega som er oppvaksen i Oslo. Han har det til felles med mange politikarar at dei ikkje har kjent havkjenslene pÄ kroppen. DÄ er det lett Ä skrive ein skarp leiarartikkel eller skrote ei line i eit statsbudsjett.
Ein av dei som forstod kva slags politisk kraft kjensler kan mobilisere, var amerikanaren Roger Ailes. I 1996 gjekk han saman med mediemogulen Rupert Murdoch og grunnla TV-kanalen Fox News, som straks skaka dei etablerte amerikanske medieleiarane innerst i sjela.
Den eine millionen etter den andre av amerikanske TV-sjÄarar melde overgang til Fox, og dei sÄg seg aldri tilbake. Ailes var ideologen, og han hadde eit enkelt mantra: «Folk rÞyster ikkje ut frÄ kva dei tenkjer og resonnerer seg fram til, men ut frÄ kva kjensler dei har».
Vi veit kva suksess Fox News vart, bÄde pÄ godt og vondt, men den brautande og ikkje sÄ stuereine Ailes kan ha noko Ä lÊre oss om kjenslenes plass i politikken.
Dei kan ha meir kraft i seg enn grundige utgreiingar om samfunnsnytte og tilbakebetaling av offentlege investeringar.
For foreldre til born som bur i grisgrendte strÞk og som mÄ sende skuleborna langs ein rasfarleg veg, gjer det ikkje mykje inntrykk Ä mÞte ein Þkonomutdanna byrÄkrat som har tasta siffer inn pÄ eit excel-ark og konkludert med at den truande fjellknausen ikkje skal sprengast.
Som utdanna Þkonom har eg respekt for tal som grunnlag for politiske vedtak, men tala kan aldri bli stÄande Äleine. Det er det vi har politikarar til. Dei skal vurdere heilskapen.
Det gjeld ogsÄ for kysttunnelen. Den vil gje tryggare ferdsel langs kysten, og i Noreg finst det mange samferdselstiltak som gir lÄgare score pÄ samfunnsnytte.
Bygging av tunnel vil vere ei handsrekning til kystnĂŠringa og til dei som gjennom generasjonar har levd med den djupe respekten for sjĂžen og havet.
Poenget mitt er at Ap-regjeringa mÄ leggje meir av kjensler i vektskÄla i den vidare vurderinga av Stad skipstunnel. DÄ statsminister Jonas Gahr StÞre etter valet sto fram og skrota Stad-tunnelen, kom vedtaket pÄ eit svÊrt dÄrleg tidspunkt for Arbeiderpartiet.
Budsjett-tabben med bortfall av gratis ferjer og studielÄn fekk stÞrst merksemd, men skipstunnelen ligg i same distriktspolitiske gate og skapte lag pÄ lag med frustrasjon i Kyst-Noreg.
Desse konkrete sakene gir inntrykk av at Arbeiderpartiet er eit distriktsfiendtleg parti som er motvillig til Ă„ kvele dyre samferdselsprosjekt i og omkring dei store byane, men som lettvint gjer det i grisgrendte strĂžk.
Opposisjonspartia sÄg straks at det var rÞyster Ä hente, og stortingsfleirtalet ga klar melding om at Kystverket skal forhandle med dei tre entreprenÞrane som vil konkurrere om Ä byggje Stad skipstunnel.
Dei partia som tener pÄ polariseringa mellom by og land er Framstegspartiet og Senterpartiet. At Arbeiderpartiet sÄ enkelt legg desse sakene i hendene pÄ politiske motstandarar, er ikkje lett Ä forstÄ.
Ved siste val vart Jonas redda av Stoltenberg-effekten. Same kortet kan ikkje dragast ein gong til, i alle fall ikkje pÄ Vestlandet.
DÄ er det betre politikk for StÞre og hans mannskap Ä kvitte seg med tunnelsynet og forsone seg med at no er det pÄ tide Ä fÄ sprengt eit hol ved foten av StadhalvÞya.