Har de glĂžymt Vestland, Statnett?
Plus
NĂŠringslivet i Vestland skrik etter straum. Likevel er den sĂ„rt tiltrengde kraftlina mellom Samnanger og Ăygarden nedprioritert av Statnett.
Straumnettet mellom Sauda i Rogaland og Sogndal er «motorvegen» i kraftnettet pÄ Vestlandet. Eit omfattande hÞgspent leidningsnett strekkjer seg gjennom regionen og bind henne saman. Men dette transmisjonsnettet har stort behov for opprusting og utbygging, og har tidlegare blitt omtalt av Statnett som tiltaket som hastar mest nasjonalt.
Difor sette vi nyleg kaffen i halsen dĂ„ Statnett presenterte den nye systemutviklingsplanen sin om framtidige behov i det norske straumnettet. Denne skil seg frĂ„ tidlegare behovsanalysar, der Bergensregionen var hĂžgast prioritert. No er han tona ned til Ă„ vere ein blant fleire â altsĂ„ ei kraftig nedprioritering! Rapporten viser at ny kraftline mellom Samnanger og Ăygarden tidlegast blir ferdigstilt i 2034, og i verste fall blir endĂ„ meir utsett.
Vi kan ikkje understreke nok kor viktig den nye kraftlina er for trygg straumforsyning i heile Vestland. Lina er heilt avgjerande for industriutvikling og grÞn omstilling i regionen vÄr. Difor er dei siste signala frÄ Statnett ikkje berre urovekkande, men dramatiske for Noreg.
Det er nemleg alt no kamp om straumen. BKK melder om stor etterspurnad etter nettkapasitet i regionen vÄr. Mangelen pÄ kraft fÞrer til full stans for ny nÊringsutvikling utover vanleg forbruk, og i heile fylket stÄr bedrifter i kÞ for straum til nye prosjekt.
Tilgang pÄ kraft er ei av dei stÞrste barrierane for konkurransekrafta pÄ Vestlandet. Det er 45 tusen arbeidsplassar knytte til industrien i Vestland. Nedgang i olje og gass vil fÞre til behov for storstilt omstilling i nÊringslivet, og denne omstillinga er ikkje mogleg utan tilstrekkeleg straum.
Det er fleire nÊringar som vil bli hardt ramma av mangel pÄ kraft. Mellom anna viser ein fersk rapport frÄ Menon Economics at mangel pÄ kapasitet i straumnettet kan pÄverke havbruksnÊringa sine moglegheiter for vekst og omstilling i Ära som kjem.
Eit dĂ„rleg kraftnett er ĂČg kritisk for tryggleik og beredskap i Vestland. Marinebasen Haakonsvern, gassbehandlingsanlegget pĂ„ Kollsnes og oljeraffineriet pĂ„ Mongstad er nokre dĂžme pĂ„ verksemder som er heilt avhengige av eit robust straumnett. Gassco peikar pĂ„ at dersom Kollsnesanlegget fell ut ved straumbrot, er det ikkje berre straumen til 420 000 innbyggjarar i Bergensregionen som blir rĂ„ka, men 18 millionar menneske i Europa!
Det er ingen tvil om at tempoet i utgreiingsarbeidet til bÄde NVE og Statnett mÄ aukast kraftig. Over heile landet gÄr det for seint. Men vi kan ikkje sitje stille og sjÄ pÄ at Vestland no blir nedprioritert, stikk i strid med tidlegare signal.
Heldigvis er strekningane SogndalâKollsnes og SaudaâSamnanger framleis prioriterte prosjekt hos Statnett. Det er ĂČg lagt ein nĂždvendig 420 kV-kabel mellom Masfjorden og Mongstad. Men sĂ„ lenge SamnangerâĂygarden og den samla kapasiteten inn til det sĂ„kalla Bergens-snittet blir nedprioritert, er ikkje dette tilstrekkeleg.
Difor spÞr vi igjen: Har de glÞymt Vestland, Statnett? Eller meiner de verkeleg at trygg straumforsyning i Noregs stÞrste eksportfylke ikkje er sÄ viktig?
No er det nok utsetjingar. Det ligg ei tydeleg bestilling til Statnett frĂ„ 2020 i form av ei konseptvalutgreiing (KVU) frĂ„ NVE. Konsekvensutgreiing av ei ny 420 kV-line frĂ„ Samnanger til Ăygarden mĂ„ snarast kome i gang. Vi ber NVE og energiministeren setje skapet pĂ„ plass, og sjĂ„ til at straumnettet til Bergensregionen blir styrkt som fyrsteprioritet!
đ° Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: