Fargerik juleavslutting: – Ein fin tradisjon
Plus
– Litt trist at det er siste gongen for oss, sa to tredjeklassingar etter KVV si juleavslutting i Husneshallen fredag føremiddag.
Det starta med heavy metal, gjekk over i revy-sjangeren via filminnslag og vitsing, og toppa seg med lærarband og vemodig julestemning. Alle elevane ved Kvinnherad vidaregåande skule var samla til avslutting før jul, og stemninga var god, lyden høg og lyssetjinga fargerik.
Gymlærarane hadde fått inn heile 40 dansevideoar frå elevane, og desse fekk dei ein jobb med å redigera saman til ein dansevideo. Denne vart vist på storskjerm til fengande countrymusikk, med innslag frå forskjellige stadar, til dømes frå ein låve, gyngehesten i skobutikken og andre stadar. Ein jury på åtte kåra vinnarar i to kategoriar.
Beste dans vart vunnen av Vg3 studiespesialisering, og mest kreative dans var det påbygg-jentene som vann.
– Tusen takk for alle dei fine danseinnslaga! helsa lærarane og fekk applaus tilbake for redigeringa.
Rektor Morten Vevatne takka for ei fin juleavslutting og ønskte alle ei god jul med håp om at tida vil gå litt langsamare.
Dei to som var konferansierar, Niklas Skogseide Hjelmeland og Tord Sverresson Hatteberg kunne oppsummera at dei hadde hatt eit kjekt oppdrag.
– Denne årlege juleavsluttinga er ein fin tradisjon og kjekk å ha før jul, og i år var programmet variert. Ei god avslutting på dette halvåret. Og så er det siste gong for oss, så det er nesten litt trist, sa dei to avgangselevane.
Nyeskulen fekk overrekt stor verktøypakke: – Her skal dei som ikkje er teoretikarar få skina