Herold

Bente vart rørt av raus gåve: – Heilt fantastisk 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-19 20:00:00
Bente vart rørt av raus gåve: – Heilt fantastisk 

Bente Nilsen i Kvinnherad frivilligsentral vart overraska med 50.000 kroner i gåve frå dei tilsette i Eviny og BKK.

– Nei, gu kor kjekt. Det er rett og slett heilt fantastisk. Eg blir jo heilt rørt her, seier Bente Nilsen i Kvinnherad frivilligsentral.

Grunnen til det var gåva på 50.000 kroner frå dei tilsette i Eviny og BKK, og ikkje minst gode ord frå avdelingsleiar Morten Einar Weberg, som overrekte gåva saman med HMS-rådgjevar Lisa Rød i BKK fredag ettermiddag.

– Eg vil berre seia tusen takk for alt det gode arbeidet de gjer i Kvinnherad. Det er heilt utruleg kor mykje godt de får til. Difor er det veldig kjekt å kunna gi denne gåva til dykk i frivilligsentralen. Eg veit at denne kjem til å koma godt til nytte, seier Weberg.

– Viktig

Dei 50.000 kronene går blant anna til gratis ferieaktivitetar, opne hus, julegåveaksjon og anna som frivilligsentralen finn på i løpet av året.

– Dette er utruleg kjekt, og eg skal lova at det kjem godt med i vårt arbeid, slår Nilsen fast.

Lisa Rød seier at det er kjekt å sjå at det blir delt ut gåver i heile selskapet sitt nedslagsfelt.

– Det er både viktig og bra å ha dette her, det blir delt ut gåver frå Førde i Nord til Kvinnherad i sør. I staden for at vi som jobbar her får gåve så gir vi vekk dei pengane til gode formål. Det er veldig kjekt, fortel Rød.

Denne gåva kjem på toppen av mykje lokal givarglede, fortel Nilsen.

– Folk er så utruleg rause, og det har vore veldig mange som har gitt oss gåve i år. Det er veldig kjekt. Kvinnherad kommune er kjempeheldige som har så mange som bidrar, seier ho.

Rapporten er klar: – Viser at vi gjorde det rette

🏷️ Extracted Entities (8)

Bente Nilsen (person) Kvinnherad (entity) BKK (entity) HMS-rådgjevar Lisa Rød (organization) Eviny (entity) Morten Einar Weberg (person) Førde (entity) Nord (entity)