Herold

– Du lyt nok lese Firda grundigare, Stein Kjetil Holvik

Plus
Kilde: Firda Author: Kai Aage Pedersen Published: 2025-12-19 18:00:09
– Du lyt nok lese Firda grundigare, Stein Kjetil Holvik

– Det er umogleg for lokalavisa å framstå berre som eit glansbilde i slike tider. Det er heller ikkje oppgåva vår, skriv Firda-redaktøren.

Takk for kritikken, Stein Kjetil Holvik. Den er lesen og reflektert over, og sidan du utfordrar meg og Firda til å endre journalistikken vår skal eg forklare korleis vi tenker i dei daglege prioriteringane våre.

Er du Kai Aage Pedersen rett mann til å leie Firda?

Men du lyt nok lese Firda grundigare. Det er rett og slett feil at Firda i ei årrekke har hatt eit sterkt og vedvarande negativt fokus på Sunnfjord kommune.

Eit raskt blikk på det vi har publisert dei siste åra viser at vi nesten kvar dag publiserer gladsaker frå kommunen. Det er Jenny Følling på inn og utpust. Det er Hafstadfjelltunnelen og Astruptunet, nye tiltak i Førdepakken, det er saker om sentrumsutviklinga i Førde, Førdefestivalen, tallause saker om vinylplatene til Atle Hamar, barneboka til Rune Hegrenes, quiz på Elvesus. Sunnfjord U40, Håslåttfestivalen, yrande restaurantliv og om aktivitetar i Førdehuset og Nynorskhuset. Vi publiserer 15 saker kvar einaste dag, 365 dagar i året. Sunnfjord kommune har flest saker, og dei langt fleste har positivt forteikn.

*Journalistane er over alt. *Nokre gonger er vi reine hallelujakoret når vi løftar fram smil og glede frå både kommunal sektor og elles dagleglivet i bygdene våre. Det er berre å fråtse i Firda sine arkiv. Det er rikeleg å ta av.

VM i vektløfting er eit godt døme. Ein einaste lang serie av bilde og video-reportasjar der lokale heltar blir hylla og løfta fram for arbeidet dei gjorde med lokal identitetsskaping i eit internasjonalt arrangement. For eit folkeliv det var og med ei lokalavis som bygde stoltheit hjå folka på rådhuset, innbyggarane i kommunen og blant arrangørane.

Var du ikkje i Førdehuset under VM kan du angre

I hovudsak meiner eg Firda leverer solide bidrag for å gjere livet i Sunnfjord kommune betre.

Men nokre gonger er det heilt nødvendig å vere kritisk og jobbe i tråd med det som ofte blir omtalt som grunnsteinen i Ver varsam-plakaten.

Media har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private institusjonar eller andre.

Dette er altså den viktigaste årsaka til at journalistane i Firda går på jobb kvar einaste dag. Vi krev innsyn, undersøker saker, krev svar og publiserer.

*Dette var også utgangspunktet *då vi starta arbeidet med sakene på Førde omsorgssenter. 40 prosent av sjukepleiarane på ein av dei største helseinstitusjonane i Vestland hadde sendt varsel til statsforvaltaren. Firda har sett dokumentasjon på at dei same sjukepleiarane hadde teke opp bekymringane sine med leiinga.

Lang historie kort: Statsforvaltaren opna tilsyn. Denne veka, nesten to år seinare, kunne Firda publisere nyheita om at tilsynet er lukka. Vi publiserer også ei sak med einingsleiar Anita Eide Kvamme. Ho har fått oppgåva med å rydde opp og få omsorgssenteret på rett kjøl. I intervjuet med Firda framstår ho audmjuk og har ei realistisk tilnærming til den krevjande jobben ho har tatt på seg.

No kan ho konstatere at sjukefråværet er på veg ned, men ho er likevel klar på at mykje av endringsjobben ved omsorgssenteret står att. Kvamme framstår som ein handlekraftig leiar som også er på tilbodssida når journalistane i Firda ringer.

Ved inngangen til 2026 kan vi altså oppsummere: Pilene peikar oppover for omsorgssenteret.

Firda sitt bidrag har vore å avdekke, konfrontere dei ansvarlege, men også å fokusere på den positive utviklinga vi no ser. Firda-journalist Einar Lundsør fekk den regionale journalistprisen for sakene han laga om omsorgssenteret.

Den beste journalistikken er kåra i Sogn og Fjordane. Firda tok to av prisane

At dette har vore krevjande for nokre tilsette og spesielt leiinga, skal vi ta inn over oss. Men det er verkeleg ikkje Firda sitt oppdrag å vareta omdømmet til ein omsorgsinstitusjon som har problem og som har vore dårleg leia over tid.

Media si rolle er ikkje å vareta omdømmet til Sunnfjord kommune; den utfordringa må kommunen sjølv handtere gjennom openheit, ryddige prosessar og ansvarlege val.

*Med forsvarleg drift vil det *også vere mogleg å halde på flinke fagfolk.

Firda si rolle er å legge premissane for ein samfunnsdebatt som kan resultere i at Sunnfjord kommune får ei verdig eldreomsorg, og dermed også gjere Sunnfjord til ein betre stad å vere.

Og det er ikkje berre fryd og gaman i Sunnfjord for tida. Det er mykje styr og saker med negativt forteikn. Politikarane er ueinige, elevar, foreldre og lærarar er skuffa. Skular og barnehagar skal sanerast, borna på Sande går på ein skule som er i ferd med å kollapse.

Det er umogleg for lokalavisa å framstå berre som eit glansbilde i slike tider. Det er heller ikkje oppgåva vår.

Det er heller ikkje oppgåva til ein redaktør å rosemåle det som skjer på rådhuset når kommunedirektøren får permisjon og skal ha ein « … god og vennlegsinna dialog med ordføraren om mogleg avgang …» Dette er ein merkeleg prosess som på toppen av det heile blir kommunisert på ein klønete måte.

Då kommenterer eg med kritisk penn. Slik var det også med varslingssaka i Sunnfjord barnevern. Frå loggen vår kan eg lese at Firda frå august til desember var i kontakt med kommuneleiinga minst 15 gonger om saka.

Kommunedirektøren fekk også tilsendt den endelege saka fleire gonger og i god tid før publisering. Den første versjonen vart send til gjennomlesing tidleg i oktober. Det var flust med tilbod om å korrigere og kommentere.

*Då blir det underleg av *kommunetoppane å etterlyse meir balanse i saka i etterkant.

Uansett: Firda skal aldri gå i tospann med dei som har makt eller dei som gjer alt for å halde seg inne med denne makta. Og vi skal heller ikkje la oss stoppe fordi kommunetoppane nektar å snakke.

Slik er det, og slik skal vi halde fram. Lojaliteten vår ligg hjå innbyggarane, hjå dei som har lang veg opp til dei som bestemmer og som kan ha blitt utsett for urett.

Påstanden om vendetta (blodhemn) skal eg la ligge. Eg er minst like glad i heimkommunen min som Jenny Følling og Stein Kjetil Holvik.

Difor skal Firda halde fram med å vere lim og lupe i lokalsamfunna våre. Vi skal vere rause med superlativa og løfte fram alle dei fine tinga, slik vi har gjort det dei siste åra. Men vi skal også halde fram med å ha ein kritisk distanse til dei som bestemmer. Det er til det beste for alle oss som bur i lokalsamfunna våre.

I ei førjulstid kan det også vere på sin plass å minne om at Firda har hatt ei rekke positive saker også frå Førde omsorgssenter. Det er ei stor breidde og svært mykje hyggeleg lesnad også i det vi skriv om omsorgssenteret. Legg ein bunke med døme nedst i denne kommentaren.

PS! Eg var utplassert som redaktør i avisa Hordaland på Voss i vår og i sommar. Der er det like krevjande tider som i Sunnfjord og dermed også kjefting på lokalavisa.

I Hordaland sitt dekningsområde er det i tillegg mange modige og maktkritiske røyster som står opp for dei svake i samfunnet.

Det tykkjer eg er fint!

God jul frå alle oss i Firda!

150 samla til julebord: – Veldig viktig tilbod

Demens og delikatesse treffer blink

Omsorgssenteret var tettpakka og alle song med: – Eg er så glad at du vil ikkje tru det

Dei neste sju åra er Anita ein del av løysinga. Så blir ho ein del av utfordringa

– Dette er eit fantastisk tilbod

Steinar skulle i eit møte med banken. Det enda i tårer

Midt i stormen har éin ting vore viktig

I dag fekk dei meksikansk flamenco til lunsj!

Fekk gjæv pris for demenstiltak: – Ein skal sjå kvar enkelt, og skape gode augeblikk

🏷️ Extracted Entities (28)

Stein Kjetil Holvik (person) Sunnfjord U40 (organization) Førde (entity) Anita Eide Kvamme (person) Førdehuset (entity) Hordaland (place) Jenny Følling (person) Astruptunet (entity) Atle Hamar (person) Ein (entity) Einar Lundsør (person) Elvesus (entity) Fjordane (entity) Førdefestivalen (entity) Førdepakken (entity) Hafstadfjelltunnelen (entity) Håslåttfestivalen (entity) Kai Aage Pedersen (person) Lojaliteten (entity) Nynorskhuset (entity) Rune Hegrenes (person) Sande (entity) Sogn (entity) Statsforvaltaren (entity) VM (entity) Ver (entity) Vestland (place) Voss (entity)