Herold

Baud på julekonsert: – Me prøver å gjera kvardagen lysare

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Renate Sæle Published: 2025-12-19 18:02:34
Baud på julekonsert: – Me prøver å gjera kvardagen lysare

Denne veka vart det spandert julegåve på Shos.

– Dette er første gongen me får til noko slikt. Me fekk litt idear frå Demenskoret.

Det fortel Øyvind Barsnes. Han sit i styret for Leighs Legat.

Legatet deler ut gåver etter deira statuttar og i år vart ein ny ide testa ut. Onsdag vart det dermed konsert for bebuarar på Sogndal helse- og omsorgssenter, Shos.

– Me prøver få til ting nokon kan få utbyte av og gjera kvardagane lysare. Me har tidlegare støtta sanseavdelinga, men konsert er noko nytt, fortel Barsnes.

Ola Weel Skram stilte med gitaren og kjøkenet på Shos hadde stelt i stand litt mat.

– Ola stod fritt til å finna songar, det vart mellom anna gode, gamle julesongar. Det trefte dei gamle, fleire song med og eg trur han trefte godt med repertoaret, seier Barsnes.

Kantina fylte seg opp av bebuarar, personale og nokre pårørande.

– Kanskje me skal prøva noko liknande før neste jul også, seier Barsnes, som er kasserar for legatet.

🏷️ Extracted Entities (6)

Øyvind Barsnes (person) Shos (entity) Demenskoret (entity) Leighs Legat (person) Ola Weel Skram (person) Sogndal (place)