Kulturskulekonsertar - og korleis få verda i fanget
Plus
Det finst konsertar ein går på utan dei heilt store forventningane: Dei obligatoriske kulturskulekonsertane, der ein kjenner 90 % av dei andre publikummarane etter mange år i same ærend.
Konsertar der ein vekslar mellom å klappe intenst for eigne og andre ungar som modige viser seg fram, og å hysje ned dei aller yngste publikummarane som slett ikkje vil sitte i ro. Konsertar som både er nervepirrande og heimekoselege på ein gong, og som gir ein kjensla av å skape og å oppleve noko i lag med sambygdingane.
Konserten som distriktsmusikarane og kulturskulelærarane Akiko Anasawa og Bjørn Gisle Seter arrangerte for og av elevane (og ungane) sine i Blaoboxen tysdag kveld, var i den kategorien.
Min betre halvdel tok meg i å vere lunken til innkallinga, innklemt som konserten var mellom luciafeiring og guridalselevane sin julekonsert. Lite visste eg då at eg at dette skulle bli årets konsertoppleving.
Programmet var langt og variert, avveksla av eit triveleg kaffislabberas midtvegs, særleg viktig for den yngste garde. Pianoelevane, inkludert min eigen son, sette oss i stemning med stødige tolkingar av julelåtar og andre klassikarar, fiolinistane imponerte med vare, reine tonar, og det nystarta showkoret viste kor kjekt det er å nettopp vere eit showkor, med showrørsler og showarrangement.
Og mellom alle desse barna, fekk dei litt eldre vise seg fram. For det er ikkje berre ungar som kan gå i kulturskulen. Dit kan kven som helst som ønskjer å utvikle talentet og draumen sin gå. Bjørn Gisle introduserte ein ukjend, urban ungdom med langt rockehår som skulle synge songen «Lys imot mørketida». Ja, sjå der! Artig at dei eldre og vil gå her, tenkte vi. Så sette han i gang. Med ukrainsk aksent. På nordnorsk. Og her, i siste verset, fekk eg verda i fanget:
Dagen e borte og natta e storMen i mørketidslandet skal høres et ordOm sol som skal snu så det bærer mot dagOm folk som skal samles til helg og til lagPå veien mot Betlehem bær ho MariaEt lys, et lysEt lys imot mørketia
Guten, som viste seg å heite Fedir, beviste i løpet av nokre minutt korleis kulturen fungerer. Den samlar oss, smyg seg inn i hjarta våre, opnar oss for erkjenning og fellesskap, håp og mot. Noko av det første russarane øydela etter invasjonen av Ukraina i 2022, var det ukrainske folkemusikkarkivet. For ei invaderande makt er kulturen i landet dei invaderer, fienden. Fordi den er sterk som ei supermakt, vanskeleg å tøyle. Derfor er den det viktigaste vi har.
Så la oss halde fram med dette som samlar oss. Ta med deg ein nabo på Blaoboxen eller til Det gule huset i 2026. Gå på alle heimekampane til Sogndal. For demokratiet startar her, i det vi skapar og opplever i lag.
Då dei vaksne, og aller modigaste kulturskuleelevane (og mellom dei ein kul kollega) avslutta med ei vakker framføring av O helga natt, var kvelden komplett. Takk, Akiko og Bjørn Gisle, for årets konsert! Takk, Sogn kulturskule og Sogndal kulturhus. Vi gler oss til 2026.