Herold

Jammer frå konsu­lentane

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Bjørn Jacobsen Published: 2025-11-21 10:18:30
Jammer frå konsu­lentane

Sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og fleire til har ikkje garanti for å få heile stillingar! Og så lure vi på korfor vi slit med å få folk til å jobbe i helsesektoren.

Betal dei skikkeleg!

Bjørn Jacobsen

Kommunestyrerepresentant SV, Molde

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Korfor investerar vi ikkje i den viktigaste ressursen vår, dei tilsette, no i budsjettet?

Siste åra har eg ikkje hørt anna enn jammer frå konsulentane, kommunedirektørane og økonomane enn at vi får ikkje rekruttert folk no eller i framtida. Kva med å gje dei ei lønn, treng ikkje svara til lønna til desse som jamra seg, men som er til å leve av. Som det er muleg å kjøpe seg ein bustad for.

Vi veit at når lønna går opp går vikarbruken ned. Med heiltid og god bemanning går sjukefråværet ned og trivselen opp.

Doldisbyråkratane i Helseforetaka og konsulentane med millionhonorar burde kunne smitte over til dei på golvet som skal pleie nokken klokka halv åtte om morran eller midt på natta. Merkeleg at gode kår for dei på toppen ikkje føre med seg betre tilhøve for dei som står i det døgnet på tamp?

Om rekruttering verkeleg var viktig, ikkje minst i framtida, korfor er det ikkje meir merksemd på det no i budsjettida? Det er no vi kan investere i å behalde folka våre og sikre rekruttering. Kom fram med alle tiltaka vi kan putte pengar i. Romsdalskommunane med høgskuleutdanninga i Molde som motor innan helse burde stå sterkt i kampen om framtidas dyktige arbeidskraft om vi tar dei rette grepa.

Eg ser lite av lysten til å sjå på betre drift og mykje av lysten til å legge ned godt fungerande institusjonar. Det er lite å høre frå fagrørsla og media bringar avskrift av kommunedirektør og konsulentpapir utan at ålmenta får særleg innsikt i kva som går føre seg på institusjonane våre.

Betre drift er billeg og og skapar trivsel. Nedlegging og store investeringar får opp lånegjelda frå 5 til 7 milliardar. Kjør på, seier dei samme konsulentane og økonomane, som og advarar mot at vi har alt for høg gjeld.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (6)

Betal (entity) Helseforetaka (entity) Jacobsen Kommunestyrerepresentant SV, Molde Du (organization) Molde (entity) Nordvest (entity) Rbnetts (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Molde, Molde kommune, Helsesektoren, SV, Eldreomsorg, Sykepleie, Sjukepleiar
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Molde, Molde kommune, Helsesektoren, SV, Eldreomsorg, Sykepleie, Sjukepleiar