Herold

Nytt sogeskrift frå Vassvøri Sogelag

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan-Egil Dyvik Published: 2025-12-19 14:16:01
Nytt sogeskrift frå Vassvøri Sogelag

Sogeskriftet «Frå fjell til fjord» har vore klar ei stund, og kan også vera verdfull for folk i Vaksdal kommune.

Mellom anna er framsidebiletet på årboka dette året henta frå Dale stasjon i 1945.

Dikt og historier

- Elles er det også ein del anna stoff frå Vaksdal kommune. Det er no litt naturleg, då heile Bergsdalen og øvre delen av Eksingedalen høyrde til Evanger kommune/Vassvøri før 1964, fortel Kåre Olav Aldal, som er skrivar i Vassvøri sogelag, som gjev ut sogeskriftet.

Kari Grimsø Berge har fått med eit juledikt, og historier frå fredsdagane i 1945 er også med, slik som frå Nils Lid, og Aud og Odd Helland. «Kyrkjeklokkeklangen frå Liatræet» er også med, skrive av Lisbet Lid Venås, og historia om då Noreg vart hærteke, er også innom hendingar i Vaksdal kommune.

Kulturpris

I 2024 mottik Vassvøri Sogelag Voss herad sin kulturpris, der mellom anna grunngjevinga var arbeidet med årbøkene. Bøkene er resultatet av eit samarbeidsprosjekt, ein dugnad for å halda nær og fjern historie levande for dei som vil lesa, heiter det i føreordet til boka. Laget samlar berre saman stoff dei vert tipsa om, som lesarane skriv til laget eller som på eitt eller anna vis har historisk aktualitet. I denne kategorien kjem 200- årsjubileet for utvandringa til Amerika.

Elles har Maya Mykkeltvedt skrive om vestvinden Kjartan Rødland, me får nærare kjennskapet til Tyssen, ei lita industrigrend ved Bolstadfjorden og om Alisa Bolstad og Vassvøresongen, for å nemna noko av det årboka handlar om.

Før det vert tilgrodd

Her er også ein artikkel om grustaka på Bolstad, som kanskje nokre har undra seg litt over. Desse er i alle fall vitne om bygging av jernbanen, som gjerne kan vera døme på kva som bør skrivast ned før det vert gløymt. Før det vert tilgrodd av lauvskog og vanskeleg å nå fram til og sjå kva det er, som det heiter i denne artikkelen.

Slik er det med mangt anna som heldigvis er skrive ned og teke vare på, før minna vert heilt sletta.

Soga om Hermundsdalen i sogeskriftet til Vassvøri

Sogeskrift med mykje frå Eksingedalen

- Skulle gjerne vore del av Vaksdal

🏷️ Extracted Entities (22)

Vassvøri Sogelag Voss (person) Vaksdal (place) Alisa Bolstad (person) Eksingedalen (entity) Amerika (entity) Aud (entity) Bergsdalen (entity) Bolstadfjorden (entity) Dale (entity) Evanger (entity) Hermundsdalen (entity) Kari Grimsø Berge (person) Kjartan Rødland (person) Kyrkjeklokkeklangen frå Liatræet (entity) Kåre Olav Aldal (person) Lisbet Lid Venås (person) Maya Mykkeltvedt (person) Nils Lid (person) Noreg (entity) Odd Helland (person) Tyssen (entity) Vassvøresongen (entity)