Råkøyring mot stupet
Plus
Råkøyring mot stupet?
Kvifor så hastig, ordførar? Politikarane i Voss Herad freistar å rydde opp i tidlegare tider sine feil. Å ikkje kjøpe Bømoen, var ein stor feil. Dette ser me no verknaden av. Kapitalen prøver å overstyre demokratiet. Ein ordførar som skallar hovud med Bømoen A/S, der Lægreid i etterkant framstår nøgd, gjev grunn til mistanke om at avtalen for heradet sin del, ikkje er så bra som nokon framstiller den.
For SP, er dette partiknusing. Såkvitne/Hamre har med opne auge sprengt ei granat i eige møterom. Fleire sentrale representantar vender no ryggen til partiet. Som SP-veljar i 40 år, tykkjer eg dette er trist. Eg er redd for at partiet hamnar langt unna maktposisjonane på Voss ved neste val, dersom ikkje nemnde ordførar og leiar tek seg tid til å gjennomføre ein skikkeleg og ryddig prosess.
Møtemaraton enda med utsetjing. – Det vart absurd
Voss Herad må ikkje godta ein dårleg avtale. Dei må ikkje gje opp krava som sikrar beredskap, og ålmenta sine interesser og behov. Dei må heller ikkje godta Bømoen A/S sine forsøk på å kuppe planprosessen i Bømoen.
Me som arbeider på digitale flater får heile tida innprenta at dersom nokon har hastverk med å få deg til å bestemme noko, så er det ofte ikkje gode val dei vil du skal ta. Eg får litt same kjensla her.
«ADVARSEL: Din virusbeskyttelse er utløpt. Trykk her for å oppdatere nå».
Avisa Hordaland skriv at rådmannen har hyra inn PwC for å leite etter innsparingsmoglegheiter på 40 mill. Om Bjørke bru skal oppgraderast/fornyast innan driftsbudsjettet, kan han nok plusse på 10 mill. og i tillegg det som PwC skal ha for jobben. Kva er det som skal leggjast ned av tenestetilbod for at Bømoen A/S skal få oppfylt sine draumar?
Gje Bømoen A/S ein sjanse til å kome fram til ein betre avtale med Voss Herad, eller gå vidare med oreigningsprosessen.
Kjenner seg dolka i ryggen. – Melder meg ut
Ordføraren opnar opp om forhandlingane. – Me har skalla hovuda og drege i kvarandre
27 år gammal avtale fram i ljoset: Dette kan bruopprustinga kosta
Demokrati på speed og rulett med eige omdømme