Dette er årets beste filmar
Filmpolitiets favorittar frå 2025.
For eit filmår! Men korleis samanfatte det? Det kjennest som ei nærast umogleg oppgåve. Men sidan vi elskar lister over saker og ting, må det gjerast eit forsøk.
Og det er sjølvsagt enkelte filmar som utmerker seg spesielt. Samtidig er det ei heil rekke filmar som har markert seg såpass sterkt at dei nesten hadde fortent ein plass på denne topp 10-lista, men boblar like under.
Eit ufråvikeleg krav for å vere aktuell for lista, er at filmen må ha hatt ordinær noregspremiere på kino eller ei strøymeteneste i 2025. Det held altså ikkje med ei festivalvisning eller ein førpremiere.
Dette ekskluderer blant anna Jafar Panahis Gullpalmevinnar «Bare et uhell», Kleber Mendonça Filhos «The Secret Agent» og Julia Ducournaus «Alpha», som alle kjem på kino først etter nyttår.
Det same gjeld festivalfavorittar som Oliver Laxes «Sirat», Park Chan-wooks «No Other Choice» og Chloé Zhaos «Hamnet».
Viste kvalitetane sine
Blant dei mest kommersielle filmane var det spesielt herleg å kjenne farten i Joseph Kosinskis underhaldande «F1 – The Movie», der vi til og med godtok 60-åringen Brad Pitt som ein truverdig Formel 1-førar.
Tom Cruise beviste enda ein gong sin posisjon som ei av dei største actionstjernene i historia med den svært solide «Mission: Impossible – The Final Reckoning».
Danny Boyle gjorde eit gloriøst comeback med zombieskrekkthrilleren «28 Years Later» . Guillermo del Toro viste enda ein gong kvalitetane sine som ein visuell meister med sin nye versjon av «Frankenstein» .
Og «Predator»-fans fekk TO fantastiske tilskot til sagaen, nemleg den animerte «Predator: Killers of Killers» på Disney+, og den festlege kinosuksessen «Predator: Badlands» med Elle Fanning.
Sjokkerte og sjarmerte
Norske filmar utmerkte seg også gledeleg godt i 2025, med spesielt éin film som er inne på topp 10.
Elles overtydde Patrik Syversen med sitt mørke og ukonvensjonelle skrekkdrama «Demring». Pia Tjelta viste igjen kvifor ho er ein av dei fremste skodespelarane våre i «Se meg».
Den hylande morosame animasjonsfilmen «Spermageddon» vekselvis sjokkerte og sjarmerte oss tidleg på året.
«Flåklypa: Fra Paris til pyramidene» gav oss eit friskt og supersjarmerande gjensyn med både Reodor Felgen, Solan Gundersen, Ludvig og – ikkje minst – ein ombygd versjon av Il Tempo Gigante.
*Heiderleg omtale går også til «Blücher» og «Hvis ingen går i fella» , som er årets mest sette norske filmar. *
Ei unnskyldning
Her må eg også komme med ei unnskyldning til filmskaparane av den fantastiske dokumentarfilmen «Trango», som eg gav terningkast 6 av rein og skjær begeistring. Eg har likevel valt å fokusere på spelefilm på årets liste.
Ei unnskyldning går også til den japanske animasjonsfilmen «Totto-Chan – Den lille jenta ved vinduet» , som også fekk ein seksar. I etterpåklokskapens lys har eg likevel valt å nøye meg med å gi han heiderleg omtale her.
*Eg har også fått litt for stor avstand til «The Brutalist» , som hadde noregspremiere tidleg på året, men som eg såg på filmfestivalen i Venezia for eitt og eit halvt år sidan. *
Det er slik at filmar ein fekk sansen for der og da, ikkje nødvendigvis sit like godt i hjerneborken etter at ei viss tid har gått.
Her er dei 10 filmane eg har likt aller best i 2025:
«Den stygge stesøsteren»
LOVANDE TALENT: Lea Myren speler strålande i sin filmdebut i «Den stygge stesøsteren».
Foto: Mer Film / Ymer Media
Regissør Emilie Blichfeldt leikar uvanleg friskt og freidig med tropane til eventyra og klisjear i den skarpe debutfilmen sin.
«Den stygge stesøsteren» er også blodig og lekker satire som skaper latterhikst med smarte pek mot dei konservative konvensjonane til sjangeren.
Ein kan ane fleire referansar til både julefavoritten «Tre nøtter til Askepott» frå 1973 og den animerte Disney-versjonen frå 1950, som er best kjent for publikum, men Blichfeldts film lever absolutt sitt eige liv med ein distinkt og rampete identitet.
Filmen har ein gjennomgåande frekk og fandenivaldsk tone, framheva av salt og syrleg skodespel frå både Lea Myren, Thea Sofie Loch Næss, Flo Fagerli og Ane Dahl Torp i dei viktigaste hovudrollene.
KOR: Prime Video
«Nouvelle vague»
FILMSTJERNER: Jean-Paul Belmondo (Aubry Dullin) og Jean Seberg (Zoey Deutch) speler inn ei scene i «Nouvelle vague».
Foto: Jean-Louis Fernandez / Jean-Louis Fernandez
Den franske nybølge-filmen frå 1950- og 60-talet blir feira skarpt og friskt i regissør Richard Linklaters nydelege kjærleikserklæring til denne innverknadsrike stilretninga.
«Nouvelle vague» skildrar nemleg korleis den eksentriske filmkritikaren Jean-Luc Godard (1930–2022) skapte den legendariske debutfilmen sin «Til siste åndedrag» («À bout de souffle») i 1960.
Linklaters genistrek er å fortelje historia med den same frekke stilen og frie forma som Godard representerte.
«Nouvelle vague» er ei nydeleg oppleving for alle som elskar film, full av herlege vink og innsiktsfulle referansar til Godard sin klassikar.
KOR: På kino frå 25. desember
«Avatar: Fire and Ash»
EI MOR SI SMERTE: Neytiri (Zoë Saldaña) behandlar eit stort tap i «Avatar: Fire and Ash».
Foto: 20TH CENTURY STUDIOS
Den tredje filmen om dei store, blå na’viane sin kamp mot det invaderande himmelfolket inneheld alt vi er vant til frå regissør James Cameron.
Det betyr enorme mengder av eventyrleg sci-fi-action, forankra i ein miljøvennleg bodskap om å leve i pakt med naturen.
Cameron er framleis ein så dyktig og driven historieforteljar at sjølv 3 timar og 17 minutt kjennest akkurat passe.
Filmen er både spennande, storslått og engasjerande som lite anna eg har sett på kino i år.
KOR: På kino
«Sinners»
BARSLAGSMÅL: Michael B. Jordan leier an i det ei gruppe vampyrar angrip.
Foto: ©2025 Warner Bros. Entertainment Inc.
Ryan Cooglers leikar seg gjennom fleire sjangrar i denne lekre og leikne skrekk- vampyr-musikk-drama-thrilleren.
«Sinners» er heilt vilt ambisiøs og overraskande musikalsk, og om du såg han på kino, la du sikkert merke til det eksepsjonelle visuelle uttrykket.
Kollega Sigurd Vik skreiv i meldinga si: «Det blir leika sjølvsikkert med sjangergrepa. Filmmusikken tek nokre fantastiske risikoar, og det er eit glimt i auget som løftar referansar og stereotypiar til ein underhaldningsfilm det svingar av.»
«Og på ein rural utestad i 1932, omgitt av Ku Klux Klan, Jim Crow-lover og den overnaturlege mytologien til bluesen, nyttar Coogler vampyrsjangeren til å plante staken rett i pulsåra til den historiske amerikanske rasismen.»
KOR: HBO Max
«Wake Up, Dead Man: A Knives Out Mystery»
KREVJANDE ETTERFORSKING: Geraldine (Mila Kunis), Benoit (Daniel Craig) og Jud (Josh O’Connor) leitar etter spor i «Wake Up Dead Man: A Knives Out Mystery».
Foto: Courtesy of Netflix
Regissør Rian Johnsons tredje film med meisterdetektiven Benoit Blanc, framleis like strålande spelt av ein opplagd Daniel Craig, er rett og slett strålande krimunderhaldning!
Johnsons eige manus er også denne gongen ein intrikat konstruksjon med mange bestanddelar, og det er utfordrande, sjølv for garva krimfans, å ane løysinga.
*Regien hans oser av humør, overskot og forteljarglede, mens det er tydeleg at Craig storkoser seg i rolla som Benoit Blanc. *
Her er han også omgitt av sterke namn som Josh O’Connor, Andrew Scott, Jeremy Renner og Glenn Close. Ikkje rart filmen blei så god!
KOR: Netflix
«Nosferatu»
UKJENT TERRENG: Thomas Hutter (Nicholas Hoult) og Friedrich Harding (Aaron Taylor-Johnson) veit ikkje kva dei står overfor i «Nosferatu».
Foto: United International Pictures
Forventningane fauk til vers da det blei kjent at Robert Eggers, mannen bak nokre av dei mest særprega filmane det siste tiåret, skulle gi seg i kast med ein av dei store klassikarane til skrekksjangeren.
*Det mørke og elegante uttrykket frå «The Vvitch», «The Lighthouse» og «The Northman» pregar sjølvsagt også «Nosferatu». *
Eggars skaper gufne bilde og ubehagelege stemningar som gjer filmen likeverdig med både F.W. Murnaus legendariske stumfilm «Nosferatu – eine Symphonie des Grauens» frå 1922 og Werner Herzogs 1979-versjon.
KOR: SkyShowtime
«Train Dreams»
PÅ SPORET: Joel Edgerton gjer ein av sine aller beste roller i «Train Dreams».
Foto: Courtesy of Netflix
Ein av årets vakraste og sterkaste filmar «sneik» seg ut på Netflix, utan at strøymetenesta gjorde noko nummer ut av det.
«Train Dreams» skildrar livshistoria til tømmerhoggaren Robert Grainier, med hovudvekt på det vaksne tilværet hans som familiefar i skogen i Idaho tidleg på 1900-talet.
*Filmen er nydeleg regissert av Clint Bentley, mens Joel Edgerton er fantastisk i ei hovudrolle som gir Grainier eit rikt, indre liv bak eit mindre kommuniserande ytre. *
«Train Dreams» har også foto av ypparste klasse, signert Adolpho Veloso, og er ei perle som berre ventar på å bli oppdaga.
(Dessverre rakk ingen i Filmpolitiet-redaksjonen å melde filmen, men terningkastet ville blitt høgt.)
KOR: Netflix
«A House of Dynamite»
MÅ GI UBEHAGELEG ORDRE: Idris Elba speler den amerikanske presidenten i «A House of Dynamite».
Foto: Eros Hoagland/Netflix
Svært få filmar har gjort meg så anstrengt i år som Kathryn Bigelows nyaste.
Historia om ein atomrakett på veg mot USA, skoten opp av ein ukjent aktør, er så gnistrande, tettpakka og overbevisande at ein kan miste nattesøvnen.
*Eit imponerande ensemble med blant anna Rebecca Ferguson, Anthony Ramos, Gabriel Basso, Greta Lee og Idris Elba hevar kvaliteten til toppklassen. *
Som kollega Ingvill Dybfest Dahl skreiv i meldinga si: «Dette er spenningsbygging på høgt nivå. Filmen bygger eit massivt trykk i tusen små presise salver.»
KOR: Netflix
«Affeksjonsverdi»
GJENFOREINT: Renate Reinsve og Anders Danielsen Lie speler mot kvarandre for andre gong i «Affeksjonsverdi».
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Vårt store Oscar- og Golden Globe-håp vann «andrepremien» Grand Prix på filmfestivalen i Cannes i mai.
Alt er fortent, for Joachim Triers «Affeksjonsverdi» er eit varmt, vakkert og vittig portrett av to vaksne døtrer og den fråverande far deira.
Trier og Eskil Vogt sitt manus er fullt av smarte observasjonar av mellommenneskelege relasjonar, rik dialog med ein truverdig klangbotn og nokre morosame grep som overraskar.
Renate Reinsve, Inga Ibsdotter Lilleaas og Stellan Skarsgård gjer fantastiske hovudroller, der samspelet mellom dei er tett, intenst og rørande.
KOR: Kan kjøpast hos Apple TV, Amazon, SF Anytime, Viaplay
«One Battle After Another»
VILL FLUKT: Leonardo DiCaprio er ute å køyre i «One Battle After Another».
Foto: Warner Bros. Discovery
«One Battle After Another» byr på den eine filmatiske gleda etter den andre, og er ein av dei morosamaste, kulaste og mest spennande thrillerane på lenge.
*Leonardo DiCaprio er fenomenal i den festlege hovudrolla si, som bekreftar at han har karismaen sin og engasjerande spelestil i god behald. *
Regissør Paul Thomas Anderson festar på si side grepet rundt den nervepirrande historieforteljinga frå første minutt, og slepper aldri taket
*«One Battle After Another» er reint gull for den som grev etter utsøkte filmopplevingar som utnyttar dei visuelle og forteljartekniske fortrinna til mediet til fulle. *
Dette er ekstremt god og provokativ underhaldning med evna til å leike og viljen til å meine.
KOR: HBO Max frå 19. desember