Statnett feilberekna høgda på luftspenn med opptil ni meter
Plus
Nokre luftspenn over norske fjordar har vore opptil åtte meter lågare og opptil ni meter høgare enn det Statnett har oppgitt, melder Energiteknikk. Det gjeld også i Kvinnherad.
– Feil informasjon i sjøkart og feil merking av luftspenn kan medføre stor risiko for sjøtryggleiken og i verste fall føre til tap av liv eller alvorleg helseskade, skriv Kystverket i eit brev til Statnett som Energiteknikk har sett.
Kystverket vurderer situasjonen som svært alvorleg, heiter det i brevet. Det er uklart kor omfattande feilmålingane er.
– Etter Kystverkets tolking kan dette potensielt gjelde alle Statnetts luftspenn, og ikkje berre dei som er identifiserte så langt, skriv etaten.
Luftspenna som er identifiserte med usikre høgder så langt ligg på Vestlandet. Dei ramma fjordane er Matrefjorden, Hardangerfjorden, Maurangerfjorden, Tyssesund, Djupvika, Dalseidvika, Trengeridfjorden, Grimstadfjorden og Olsvika.
Statnett er no pålagt å gjennomføre ein full gjennomgang av luftspenn langs heile kysten og sende Kystverket ein plan for korleis feila skal rettast innan 15. januar. Statnett opplyser at dei vil svare innan fristen.
– Vi vil gå i dialog med Kystverket om vidare oppfølging og er allereie i gang med kvalitetssikring av seglingshøgder for enkelte spenn, skriv selskapet i ein kommentar.
(©NPK)