Herold

Skadde seg etter 8 minutt i fjor – nå drøymer Amund om OL

Kilde: NRK Author: Mathias Nordhus-Kristoffersen Published: 2025-11-21 07:31:38
Skadde seg etter 8 minutt i fjor – nå drøymer Amund om OL

Sesongopninga i fjor enda med fall og skulder ute av ledd. Nå er Amund Korsæth frå Sarpsborg betre førebudd enn nokon gong.

Saka oppsummert:

Kjempefall rett før mål

Les også

Her går skulderen ut av ledd: – Jeg hadde ikke kjangs

– Sterkare enn nokon gong

Kan hevde seg godt

Les også

Blei sett ut av Strava-tidene til landslagsløparen: – Ustoppeleg

Les også

Slinds OL-drøm: Skal vise at ekspertens «slakt» er «direkte feil»

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Sesongopninga på Beitostølen er staden der draumar blir oppfylte og knuste. For Amund Korsæth blei det sistnemnde i fjor.

I semifinalen på sprinten, på opningsdagen, snubla Elde Holmboe rett føre sarpingen 5 meter frå mål. Eitt fall var uunngåeleg, og Korsæth stupte framover.

Resultatet: ei skulder ute av ledd og krisestart på sesongen etter 8 minutt effektiv skigåing.

– Det var ikkje heilt etter planen. Det sette meg litt tilbake.

Før fallet hadde han vist lovande takter. Landslagsløparar som Taugbøl og Northug hadde blitt slått ut, og Korsæth blei nummer 12 sjølv med fall.

Kor vondt var det?

– Det var så mykje adrenalin at eg nesten ikkje merka det. Men landslagslegen måtte dra så kraftig da skuldra skulle på plass at han nesten ikkje fekk det til.

Han kom tilbake utover vinteren og vann Norgescup-renn, men VM på heimebane blei det ikkje. Nå drøymer Korsæth om OL.

Løparen frå Trøsken IL i Sarpsborg er éin av mange langrennsløparar som held eit veldig høgt nivå, men rett bak landslaget. Ofte tek nokre av dei steget opp i løpet av ein sesong.

Korsæth håpar det er han sin tur.

– Det har vore mange gode testar og ein bra haust. Eg har trena bra med laget og landslaget. Eg kjenner at eg er sterkare enn nokon gong, og om alt klaffar kan eg vere i ein sprintfinale.

Amund Korsæth seier han aldri har kjent seg sterkare enn før denne sesongen.

Sarpingen har flytta til Oslo og går for laget Team Elon Oslofjord, der nivået er høgt – særleg i sprint.

Tvillingane Elde Holmboe, Simen Myhre og Matz William Jenssen har alle sterke resultat å vise til.

– Alle på laget er gode og har toppresultat i verdscupen. Lagkameratane mine er nesten dei tøffaste konkurrentane. Men vi pushar kvarandre kvar dag, ein må alltid vere på hogget.

Team Elon Oslofjord blir trena av Ånund Lid Byggland.

Han var sjølv sprintar da han var aktiv. I 2013 tok han sølv i NM bak ikkje heilt ukjente Pål Golberg.

Ånund Lid Byggland er trenar for Korsæth, og trur skiløparen har ein god sesong framfor seg.

Han trur Korsæth har gode høve til å yppe seg mot dei aller beste denne sesongen.

– Han kan hevde seg veldig godt. Det gjorde han utover fjorårssesongen òg, trass i skaden. Amund har trena godt i sommar og haust.

  1. februar startar OL i Italia.

– Eg må vere kjedeleg og seie at OL snakkar vi ikkje så mykje om, seier Lid Byggland.

Amund Korsæth er likevel open om at meisterskapen er eit mål og ein draum denne sesongen.

Men er det realistisk?

– Ut frå korleis det har vore på trening, kjenner eg OL er mogleg. Men eg må komme meg ut i verdscup før jul for at det skal gå, seier Korsæth.

🏷️ Extracted Entities (33)

Alle (entity) Amund (entity) Amund Korsæth (person) Beitostølen (entity) Blei (entity) Elde Holmboe (person) Elde Holmboe, Simen Myhre (organization) Elon Oslofjord (place) Italia (entity) KI-teneste (entity) Kjempefall (entity) Korsæth (entity) Laget (entity) Lid Byggland (place) Matz William Jenssen (person) NRK (entity) Norgescup-renn (entity) Northug (entity) OpenAI (entity) Oslo (entity) Pål Golberg (place) Saka (entity) Sarpsborg (entity) Sesongopninga (entity) Slinds OL-drøm: Skal (organization) Sterkare (entity) Strava-tidene (entity) Taugbøl (entity) Team Elon Oslofjord (place) Trass (entity) Trøsken IL (organization) Ustoppeleg (entity) Ånund Lid Byggland (place)

📊 Metadata

Category: Østfold, Langrenn, Sport, Norge, Sarpsborg kommune
OpenGraph Title: Amund Korsæth frå Sarpsborg drøymer om OL i Italia
Twitter Title: Amund Korsæth frå Sarpsborg drøymer om OL i Italia