Det er ikkje middelmåtig å lære av andre
Plus
Når vi bruker meir pengar enn andre kommunar, utan at vi får meir igjen for det, må vi kunne sjå til andre.
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=447918
Politisk redaktør i BA Sølve Rydland har skrive ein kommentar, heilt på det jamne, om at Bergen kommune dyrkar alt som er gjennomsnittleg. Dermed blir vi meir og meir middelmåtige, meiner han. Eg vel likevel å famne om det såkalla ASSS-nettverket, fordi det gir oss eit godt samanlikningsgrunnlag og innsikt i kva andre gjer. Det er ikkje middelmåtig å lære av andre.
Rydland meiner at ASSS-samanlikningane fører til ein nedgåande spiral, der alle kommunane kuttar seg ned til lågaste felles multiplum. Men ASSS er ikkje ei interkommunal samansverjing med mål om å gjere kommunane heilt middels. Det er eit forsøk på å lære av kvarandre og finne beste praksis (benchmarking).
Dersom Rydland synest det er skummelt at tolv storbyar samanliknar seg med kvarandre, skulle han berre visst om KOSTRA (kommune-stat-rapportering). Der blir samtlege kommunar og fylkeskommunar – ja, til og med kyrkjelege fellesråd – samanlikna i detalj.
Det er desse tala ASSS brukar, og forskjellen er berre at vi faktisk set oss rundt bordet og spør: Kva kan vi lære?
Både namnet (ASSS – aggregerte styringsdata for samarbeidande storbykommunar) og praksisen kan nok inspirere til underhaldande kommentarar – også for oss som har litt sjølvironi i det vi held på med. Det er likevel vanskelegare å sjå ironien i situasjonen kommunane er i.
*Rundt 60 prosent *av kommunane gjekk med underskot i 2024. Bergen var ein av dei, med eit minus på 715 millionar kroner. Av ASSS-statistikkane kan vi sjå at vi brukte 2.314 kroner meir pr. innbyggjar enn det berekna behovet tilseier. Det utgjer omtrent heile underskotet vårt. ASSS-tala fortel oss òg kva for tenester vi har brukt meir – og mindre – på, sett opp mot det berekna behovet.
Denne informasjonen er ikkje berre formålstenleg å ha, men er heilt naudsynt, om vi skal ha ein opplyst debatt om prioriteringar og utviklinga av kommunen og byen vår.
Sjølv om Bergen på ingen måte er ein gjennomsnittleg by – og heller aldri vil bli det – skal alle kommunane i Noreg yte tenester ut frå generalistkommuneprinsippet. Det tyder at både Beiarn og Bergen skal levere dei same (likeverdige) tenestene til innbyggjarane. Slik er òg inntektssystemet til kommunane lagt opp, der alle skal kome ut så likt som mogleg.
Alle kommunane er altså like, men nokre er likare enn andre. Til dømes nyt enkelte kommunar – som Bergen – vel av kraftinntekter. Men når vi bruker meir pengar enn andre kommunar, utan at vi får meir igjen for det, må vi kunne sjå til andre og stille velfunderte spørsmål om kvifor det er slik.
*Som finansbyråd *ønskjer eg meir av dette. For det å samanlikne seg med andre, betyr ikkje at ein gir opp ambisjonane sine. Det betyr at ein prøver å forstå kva som verkar, og kva som ikkje gjer det.
Sjølv om Bergen altså har høgare inntekter enn andre kommunar, er vi komne i ein situasjon der vi er langt frå «landet som er fylt av mjølk og honning». Vi må ta grep for å få kontroll på økonomien. Då er det nødvendig å prioritere hardare enn før, og til det treng vi informasjon om korleis vi får mest mogleg ut av kvar krone. Innbyggjarane skal kunne vente at Bergen kommune nyttar pengane og arbeidskrafta på ein måte som gir mest tilbake til bergensarane. ASSS-nettverket gjer den jobben litt enklare.
Kiss my ASSS: Slik vert kommunen meir og meir middelmådig