Snart skal «nye-skulen» offisielt opnast
Plus
Kvinnherad kommune inviterer til opning av Husnes barneskule.
Elevane flyttar ikkje inn før på nyåret, men Husnes barneskule har allereie rukke å bli ein hyppig brukt møteplass for mange.
Det kan du lesa meir om her, frå då Kvinnheringen tok turen til det populære uteområdet til skulen.
Måndag 5. januar har elevane flytta inn, og det er også klart for offisiell opning av skulen. Det kjem fram i ein invitasjon frå Kvinnherad kommune.
«Dette er stort, og me ønskjer å feira dagen saman med elevar, tilsette og dei som har bidrege til å realisera prosjektet», står det å lesa i invitasjonen.
Dagen vil by på velkomst, snorklipp, talar, underhaldning og ein kombinert pølse- og kakefest.
Nyskulen fekk overrekt stor verktøypakke: – Her skal dei som ikkje er teoretikarar få skina